Canyon Dreams
Filmmusikkalbum av Tangerine Dream
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve 1991 (CD, kassett),
1987 (heimevideo)
Innspelt 1986 Polygon Studios (Berlin), Eastgate Studios (Wien)
Sjanger Elektronisk musikk, new-age
Lengd 40:31
Selskap Miramar (MPCD 2801)
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
Melrose
(1990)
Canyon Dreams Dead Solid Perfect
(1991)


Canyon Dreams er det 40. albumet og det 14. filmmusikkalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det vart spelt inn i 1986, men først gjeve ut i 1991 på CD og kassett.[2] Musikken vart skriven for ein videofilm om Grand Canyon av Jan Nickman, som kom ut på VHS, Betamax og LaserDisc i 1987. Albumspora er delte inn i forskjellige episodar og har titlar knytte til videoklippa dei høyrer til.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]

Albumet har musikk inspirert av amerikanske urfolk. Edgar Froese, Christoph Franke og Paul Haslinger skapte atmosfæriske lydlandskap ved hjelp av musikken til dei amerikanske urfolka, blanda med Berlinskulen i elektronisk musikk. Dette gav Tangerine Dream den første Grammy-nominasjonen deira.

Historie endre

I 1991 kom albumet med musikken til Canyon Dreams. Det vart nominert til Grammyprisen for beste new age-album i 1991.

Albumet kom ut på nytt i 1999 med eit ekstra spor, «Rocky Mountain Hawk», og eit nytt hefte. Enno ei ny utgåve kom ut i 2009 med eit anna plateomslag.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Edgar Froese, Chris Franke, Paul Haslinger utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Shadow Flyer» 5:47
2.«Canyon Carver» 4:20
3.«Water's Gift» 5:27
4.«Canyon Voices» 4:28
5.«Sudden Revelation» 4:48
6.«A Matter of Time» 8:56
7.«Purple Nightfall» 2:08
8.«Colorado Dawn»Jerome Froese4:28
Total lengd:40:31

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Kohanov, Linda. Canyon DreamsAllmusic
  2. «Canyon Dreams». Voices in the Net. Henta 15. juli 2020.