When Do I Get to Sing 'My Way'
When Do I Get to Sing 'My Way' Singel av Sparks frå albumet Gratuitous Sax & Senseless Violins | ||
Utgjeve | 1994 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:45 | |
Selskap |
| |
Låtskrivar(ar) | ||
---|---|---|
Produsent | ||
Sparks-kronologi | ||
«National Crime Awareness Week» (1992) |
When Do I Get to Sing 'My Way' | «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)» (1995)
|
«When Do I Get to Sing 'My Way'» er ein EDM-song frå 1994 av det amerikanske rockebandet Sparks, gjeven ut som den første singelen frå det 16. albumet deira Gratuitous Sax & Senseless Violins. Songen referer til siganturlåten til Frank Sinatra, «My Way», og vart ein topp 40-hit i Storbritannia, medan han nådde sjuandeplassen i Tyskland. I USA nådde songen niandeplassen på Billboard Hot Dance Club Play-lista. I 1995 vart songen gjeven ut på ny og nådde denne gongen 32. plassen i Storbritannia.
Mottaking
endreNed Raggett frå AllMusic likte songen og kalla han ein «bølgjande, velfortent europeisk kjempehit», og at Mael-brørne «gladeleg omfamna moderne synth/house/techno-eksplosjonen forseg sjølv (ein eksplosjon som dei trass alt hadde vore med å starte i slutten av 1970-åra i lag med Giorgio Moroder).»[1] Larry Flick frå Billboard sa at «han vil gje timar av glede for hi-NRG-puristar med sin sukkersøte melodi, kjappe synkoperte rytmar og frekke refreng.»[2] Han skreiv òg at Sparks «høyrdest heilt komfortable ut i kontektstentil denne deilig dramatiske hymnen», og at «dei smarte, augeblunkande orda er sungen av ein kurrande falsett over ein glad, trance-belagt hi-NRG-rytme.»[3] Ein meldar frå Liverpool Echo skildra songen som ein «kvitrande, melodisk discosong med ironisk tekst», og «nevner til og med Sid Vicious.»[4]
Howard Cohen frå Herald-Journal sa at songen «har ein flott knagg, ein dunkande dance-puls og frodige harmoniar. Tenk eit fjollete Pet Shop Boys eller Erasure med varme.»[5] Musikkskribenten James Masterton sa at det er «truleg det flottaste synet på ei singelliste på lang tid.» Han sa vidare at «When Do I Get to Sing 'My Way'» er «ein like stor klassikar som noko anna dei har laga», og «ei plate som er betre enn noko anna dei har laga på lang tid.»[6] Magasinet Music & Media skreiv at songen «får dei til å høyrast ut som ei blanding av Alphaville og Pet Shop Boys.»[7] Robbert Tilli kalla det «eit tydeleg kompromiss mellom musikksmaken til originale fans og dagens trendy ungdommar.»[8]
Salslister
endre«When Do I Get to Sing 'My Way'» var ein hit på listene i fleire land i Europa og nådde topp 10 i Tyskland, der han nådde sjuandeplassen. Det er den høgaste listeplasseringa deira i Tyskland. I tillegg nådde han topp 20 i Belgia og Finland, og topp 30 i Sveits. I Storbriannia nådde songen 32. plassen andre gongen han vart gjeven ut, den 14. mai 1995.[9] På Eurochart Hot 100 nådde songen 49. plassen i mars 1995. Utafor Europa nådde songen niandeplassen på den amerikanske Billboard Hot Dance Club Play-lista.
Musikkvideo
endreDet vart laga ein vittig musikkvideo i svartkvit for songen i 1940-tals film noir-stil frå Hollywood med ei soge om sjalusi og begjær. Han vart regissert av den britiske regissøren Sophie Muller og kom ut 17. oktober.[10] Ho regisserte òg musikkvideoen for den neste singelen deira, «When I Kiss You (I Hear Charlie Parker Playing)».
Videoen for «When Do I Get to Sing 'My Way'» vart sidan publisert på den offisielle YouTube-kanalen til Sparks i juni 2012.[11]
Påverknad
endreTreblezine inkluderte «When Do I Get to Sing 'My Way'» på lista si A History of Synth-Pop in 50 Essential Tracks.[12] They wrote,
«Sparks avslo sjeldan ein sjanse til å påføra eit stikksår i brystkassa på stordommen, og leverte eit uføreseieleg rørande synth-pop-svar på den mest narsissistiske pophymnen i musikkhistoria (ikkje medrekna «I'm Too Sexy)», som var ein forsettleg spøk). Russell Mael speglar «My Way» sin katalog over tøffe sigrar, og tel med eit utslett av vanskelege nære tap og milde audmjukingar med smart, men ikkje hånande, kvalar. Mael reflekterer over det uspesielle ved det heile over ein konsekvent elektropuls: "Signér namnet ditt med ein X, klipp plenen." Det som blir lese som ein sjølvmedviten vits på papiret endar opp med å bli ei vidtrekkande erkjenning, meir universell enn kjeldematerialet, og ein av Sparks sine beste songar gjennom tidene.»
Det amerikanske alternative rock/punkrock-bandet Redd Kross spelte inn songen in 2019. Ron Mael, som var fan av Redd Kross, sa «Å lage ein versjon av den songen med med ei heilt anna musikalsk tilnærming enn originalen, men samtidig halde på kvart gram av den originale kjensle var fantastisk bra gjort. Eg elskar det!»[13]
Innhald
endreNr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» (Sparks Radio Edit) | 3:45 |
2. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» (Vince Clarke Remix) | 4:37 |
3. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» (Vince Clarke Extended Mix) | 5:24 |
4. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» (Pro-Gress Mix V.10.3) | 7:58 |
5. | «When Do I Get to Sing 'My Way'» (Microbots) | 5:38 |
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «When Do I Get to Sing 'My Way'» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Raggett, Ned. «Sparks – Gratuitous Sax & Senseless Violins». AllMusic. Henta 28. april 2022.
- ↑ Flick, Larry (28. januar 1995). «Dance Trax: Columbia Nabs Leftfield For 'Original' Major Debut» (PDF). Billboard: 33. Henta 28. april 2022.
- ↑ Flick, Larry (28. januar 1995). «Single Reviews» (PDF). Billboard: 69. Henta 2. februar 2020.
- ↑ Liverpool Echo. 21. oktober 1994. p. 57. Henta 28. april 2022.
- ↑ «Beatles release shows group at working best». Herald-Journal. 13. april 1995. Henta 28. april 2022.
- ↑ Masterton, James (23. oktober 1994). «Week Ending October 29th 1994». Chart Watch UK. Henta 28. april 2022.
- ↑ «New Releases: Singles» (PDF). Music & Media. 15. oktober 1994. Henta 26. april 2018.
- ↑ Tilli, Robbert (12. november 1994). «Sparks Will Fly Out Of Oblivion Into Modern Clubs» (PDF). Music & Media: 17. Henta 28. april 2022.
- ↑ «Official Singles Chart Top 100 14. mai 1995 - 20. mai 1995». Official Charts Company. Henta 18. september 2020.
- ↑ «Promos In Production» (PDF). Music Week: 12. 8. oktober 1994. Henta 23. april 2021.
- ↑ «Sparks - «When Do I Get To Sing 'My Way'»(official video)». YouTube. 23. juni 2009. Henta 2. september 2021.
- ↑ «A History of Synth-Pop in 50 Essential Tracks». Treblezine. Henta 27. juli 2020.
- ↑ «Redd Kross Share Cover of Sparks' «When Do I Get to Sing 'My Way'»». Flood Magazine. Henta 28. april 2022.
- ↑ «Sparks - When Do I Get To Sing 'My Way'». ultratop.be. Henta 19. april 2018.
- ↑ «Sparks - When Do I Get To Sing 'My Way'». ultratop.be. Henta 19. april 2018.
- ↑ «Eurochart Hot 100» (PDF). Music & Media. 4. mars 1995. Henta 24. april 2018.
- ↑ «Sparks - When Do I Get To Sing «My Way»» (på nederlandsk). top40.nl. Henta 19. april 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Sparks – When Do I Get To Sing My Way" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 19. april 2018.
- ↑ «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100». Official Charts Company. Henta 10. juni 2018.
- ↑ «Sparks - When Do I Get To Sing 'My Way'». swisscharts.com. Henta 19. april 2018.
- ↑ «The RM Club Chart» (PDF). Music Week, in Record Mirror (Dance Update Supplemental insert): 6. 15. april 1995. Henta 2. september 2021.
- ↑ «Ultratop rapports annuels 1995». ultratop.be. Henta 4. desember 2019.
- ↑ «Top 100 Single-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 26. november 2019.