Whina Cooper
Dame Whina Cooper (9. desember 1895–26. mars 1994) var ein kjend māorileiar på New Zealand. Ho vart fødd i Te Karaka i Hokianga som dotter til iwileiaren i Te Rarawa.
Whina Cooper | |||
| |||
Fødd | 9. desember 1895 Hokianga Harbour | ||
---|---|---|---|
Død | 26. mars 1994 (98 år) | ||
Statsborgar av | New Zealand | ||
Yrke | lærar, historikar, aktivist, community leader | ||
Utdanna ved | St Joseph's Maori Girls' College | ||
Far | Heremia Te Wake |
Politisk arbeid
endreHeilt frå ung alder var Cooper interessert i lokale samfunnssaker og politikk, og dei medfødde evnene og dugleiken hennar gjorde henne til den sjølvsagte leiaren for māorifolket i det nordlege Hokianga frå ho var midt i 30-åra.
I 1949 flytta ho til Auckland, og i 1951 vart ho vald til den første presidenten i den nystifta organisasjonen, The Māori Women’s Welfare League. Organisasjonen sin framgang kom for ein stor del av arbeidet til Whina, og ho vart velkjend over heile landet. I 1957 drog ho seg attende som president, og årsmøtet hylla henne med tittelen Te Whaea o te Motu («mor til nasjonen»).
Whina Cooper heldt fram med å arbeida for å fremja māoriske interesser gjennom 1960-åra, men ho er best hugsa for at ho i 1975 leia ein hikoi — ein symbolsk marsj — i protest mot tap av māoriland. Marsjen, som gjekk frå nordspissen av Nordøya til parlamentet i Wellington i den andre enden av øya, gav henne nasjonal merksemd, der den bestemte skapningen, ikkje lenger kroppssterk, men sterk i vilje og mana, gjekk fremst i marsjen frå Te Hapua til Wellington.
Utmerkingar
endreHo vart utnemnd til Dame of the British Empire (DBE) i 1981, og medlem av Order of New Zealand i 1991. Whina Cooper vende attende til Panguru i Hokianga i 1983, og døydde der 98 år gamal.