Dei konkurrerande båtane i VOR 05–06 ved hamna i Annapolis.

Volvo Ocean Race (tidlegare Whitbread Round the World Race) er ein seglkonkuranse som vert heldt kvart fjerde år, sidan 1973. Den norske seglaren Knut Frostad har vore kaptein på to båtar, Innovation Kvaerner og Djuice Dragons.

HistorieEndra

I 1972 vart det britiske Royal Naval Sailing Association samd med føretaket Whitbread om å arrangere ei verdsfemnande regatta, med Whitbread som sponsor. Denne regattaen fekk namnet "Whitbread Round the World Yacht Race”.

Den 8. september 1973 starta 17 båtar med eit mannskap på 167 til saman, frå den engelske byen Southampton. Om lag 3000 tilskodarar var vitne til den historiske starten. [1]

Frå 2001 skifta regattaen namn til "‘Volvo Ocean Race” då svenske Volvo tok over som sponsor for regattaen.

Tidlegare løpEndra

År Etappar Tal startande Start Mål Vinnande båt Vinnande skipper
1973-74 4 17 Portsmouth,   Portsmouth,     Sayula II Ramón Carlin
1977-78 4 15 Southampton,   Southampton,     Flyer Conny van Rietschoten
1981-82 4 29 Southampton,   Portsmouth,     Flyer Conny van Rietschoten
1985-86 4 15 Southampton,   Portsmouth,     L'Esprit d'Equipe Lionel Péan
1989-90 6 23 Southampton,   Southampton,     Steinlager 2 Peter Blake
1993-94 6 14 Southampton,   Southampton,     NZ Endeavour Grant Dalton
1997-98 9 10 Southampton,   Southampton,     EF Language Paul Cayard
2001-02 10 8 Southampton,   Kiel,     Illbruck Challenge John Kostecki
2005-06 9 7 Vigo,   Göteborg,     ABN Amro I Mike Sanderson
2008-09 10 8 Alicante,   St. Petersburg,  

ReferansarEndra