Alicante (katalansk-valensiansk Alacant) er ein by i Spania. Byen er provinshovudstad i provinsen Alicante i den sørlege delen av Valencia ved Middelhavet. Alicante er ein viktig hamneby. Folketalet i Alicante by er kring 330 000 og i storbyområdet, Stor-Alicante, bur det kring 750 000 innbyggjarar. Alicante er dermed det åttande største byområdet i Spania.

Alicante
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Valencia
Provins Alicante
Del av Q107553843
Høgd m
Areal 201,27 km²
Folketal 358 720 (2024)
Grunnlagd 324 fvt.
Postnummer 03000–03016
Retningsnummer 96
Kart
Alicante
38°20′43″N 0°28′59″W / 38.345277777778°N 0.48305555555556°W / 38.345277777778; -0.48305555555556
Wikimedia Commons: Alicante

Alicante er ein av dei raskast veksande byane i Spania. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme og produksjon av vin. I tillegg til vin eksporterer byen òg olivenolje og frukt. Industrien i Alicante produserer mellom anna næringsmiddel, lêr, tekstilar og keramikk.

Byen er hovudsete for kontoret for harmonisering den indre marknaden i EU (Harmonisation in the Internal Market, (OHIM).

Historie

endre

Alicante vart grunnlagd i 324 f.Kr. av dei gamle grekarane, som kalla byen Akra Leuke. I 201 f.Kr. vart byen erobra av romarane som kalla byen Lucentum. Hannibal skal ha lossa sine vidgjetne elefantar her. Mellom 718 og 1249 var byen styrt av maurarane. Byen vart gjenerobra i 1247, og inngjekk då i kongeriket Castilla, frå 1305 i kongeriket Aragón.


Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Alicante