White spirit
kjemisk sambinding
White spirit er ei væske som er fargelaus og klår i utsjånad, og har ein karakteristisk, stram lukt. Ho er uløyseleg i vatn, men er blandbar med mange andre organiske løysemiddel.
White spirit | |
---|---|
Flammepunkt | 31° C |
Kokepunkt | 130° C |
Faresymbol |
White spirit er ei blanding av hydrokarbonar og blir nytta som løysemiddel i måling, reingjering av penslar, fjerning av asfalt, feitt, stearin, skismøring osv. White spirit er kanskje det organiske løysemiddelet som blir brukt mest i dag.
White spirit er òg kjent under namna «nafta» (petroleum), «white spirit type 1», «white spirit type 2», «white spirit type 3», «mineralsk terpentin», «laknnafta», white-sprit eller «essence de petrole».
Fakta om «White spirit type 1»
endre- Flammepunkt ved 31° C.
- Kokepunkt ved 130° C.
- Består av ei blanding av ulike hydrokarbon.
- Farleg for lever og lunger.
- Som andre feittløysarar kan det gje varig skade på nervesystemet.
White spirit skal ikkje tømmast ut i vasken eller i naturen. Det skal leverast inn til ei søppelfylling eller miljøstasjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «White spirit» frå Wikipedia på bokmål, den 9. august 2011.