Flammepunkt er den lågaste temperaturen ei brennbar væske ved normalt trykk gjev frå seg nok damp til at denne kan byrja brenna. Ved denne temperaturen trengst kontakt med ein flamme eller anna tenningstype for å setja i gang elden, som kan stoppa om flammekjelden blir teken vekk.

Brennbare væsker med høgt flammepunkt blir brukt ved flammesluking.
Drivstoff Flammepunkt Sjølvtenningspunkt
Etanol 12,8 °C 365 °C
Bensin <−40 °C 246 °C
Diesel >55 °C[1] 210 °C
Jetdrivstoff >40 °C 210 °C
Parafin >38–72 °C 220 °C
Vegetabilsk olje (raps) 327 °C[2]
Biodiesel >130 °C

Ein bruker flammepunkt til å skildra og samanlikna ulike væsker, som flytande drivstoff, og til å dela brennbare væsker inn i ulike fareklassar.

Sjå og

endre

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. NS EN 590
  2. MSDS for Refined, Bleached and Deodorized Canola Oil, issued by Avatar Corp, 16 Nov 2001, accessed 22 March 2008