Whitley Bay
Whitley Bay er ein by i grevskapet Tyne and Wear i England. Han har kring 36 500 innbyggjarar og ligg ved kysten av Nordsjøen med fine sandstrender som dannar bukta som strekkjer seg frå St. Mary's Island i nord til Cullercoats i sør. Byen vart ein feristad for innbyggjarar i Nordaust-England og Skottland, og vart verande ein populær destinasjon fram til 1980-åra. I dag vert byen stort sett rekna som ein pendlarby for Newcastle upon Tyne.
Whitley Bay | ||
---|---|---|
Whitley Bay | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Tyne and Wear | |
Distrikt | North Tyneside | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
36 544 | |
Koordinatar | 55°3′N 1°27′W / 55.050°N 1.450°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NE25/NE26 | |
Telefon-retningsnummer | 0 191 | |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Whitley Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2011.