Whittle Dene
Whittle Dene er ein innsjø 19 km vest for Newcastle upon Tyne i England og er eit kompleks av reservoar og reinseanlegg som er det siste stadiet i vassforsyninga til Newcastle upon Tyne og Gateshead.
Whittle Dene | |||
innsjø | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | reservoar | ||
Koordinatar | 55°00′32″N 1°54′00″W / 55.009°N 1.900°W | ||
Whittle Dene 55°00′32″N 1°54′00″W / 55.009°N 1.9°W | |||
Wikimedia Commons: Whittle Dene reservoirs |
Historie
endreKomplekset vart bygt mot slutten av 1800-talet for Newcastle and Gateshead Water Company. Komplekset dannar ei rekkje av reservoar langs A68-vegen som er knytte saman via tunnelar og akvedukter frå Catcleugh-reservoaret til Whittle Dene.[1] Desse er drikkevasskjeldene til Newcastle upon Tyne, Gateshead og omliggande område.
Dyre- og planteliv
endreDet er mange forskjellige habitat rundt komplekset, med barskog og blandingsskog, nøytrale grassletter og myrlendte grassletter. Mot slutten av mars kan ein vanlegvis sjå dei første sandsvalene over reservatet, og sommaren mykje svale og seglarar. Fuglar som hekkar her er mellom anna toppdykkar og toppand.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Whittle Dene» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «NWA Reservoars». 2006-2009. Henta 31. mars 2010.[daud lenkje]