Opna hovudmenyen

KjenneteiknEndra

Toppanda er ei lita kompakt and med ganske lang hals. Det mest karakteristiske er den lange nedhengande toppen i nakken på hannen i hekketida. Denne finst på begge kjønn og i alle drakter, men ikkje så lang. Nebben er kort og brei og blågrå på farge, breiare mot spissen som er svart. Totallengda på fuglen er 40-47 cm, vengespennet 65-72 cm. Den vaksne hannen har svart hovud, bryst, overside og stjert, medan sidene, buken og undersida på vengane er kvite. Oversida på hand- og armsvingfjørene er kvite med ein tydeleg svart ende som ein strek på vengekanten. Hoa er farga i ulike nyanser av brunt, med ein jamnt mørkebrun nyanse på rygg og hovud og ein lysare brun nyanse på sidene. Hoa sin buk, vengeundersider og oversida på hand- og armsvingfjørene er kvite som på hannen. Ungfuglen er mattare gråbrun og minner elles om hoa.

UtbreiingEndra

Fuglen er kontinuerleg utbreidd tvers gjennom den palearktiske region frå Stillehavskysten til Atlanterhavet. I Vest-Europa ligg tyngdepunktet i bestanden i Fennoskandia, Storbritannia og Island, medan arten finst i flekkvise bestandar lengre sør.

Biotop og leveområde i NoregEndra

Frå gammalt har arten tyngdepunktet sitt i Nord-Noreg. Etter 1900 har fuglen ekspandert i Sør-Noreg, og kring 1990 var hekkebestanden rekna til 7000-10 000 par. Fuglen hekkar helst ved middels næringsrike og grunne innsjøar, av og til også ved brakkvatn.

FødeEndra

Dei første vekene et ungane mykje larver av fjørmygg. Toppendene finn føda si på botnen i grunt vatn.

 
Toppandegg
 
Under vinteren samlar toppender seg ofte i store flokkar.

HekkingEndra

Toppendene etablerer seg på hekkeplassane eit stykke ut i mai. Hoa legg 8-10 grågrøne eller blygrå egg, gjerne i same reir som andre hoer. Fuglane forsvarer ikkje territorium og hekkar gjerne i små konsentrasjonar av par. Reiret ligg oftast nær vasskanten, under ein vierbusk eller gøymd i ei tue av høgt gras. Der det finst øyar med rikeleg vegetasjon vert reiret helst lagd der. Toppanda hekkar gjerne i måsekoloniar.

TrekkvanarEndra

Ein god del toppender overvintrar i ferskvatn langs kysten av Sør-Noreg. Elles overvintrar dei norske hekkefuglane i Storbritannia, Nederland og kanskje Irland. I kuldeperiodar når ferskvatna frys til trekker toppendene på sjøen til grunt vatn der.

KjelderEndra

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.