Who Do You Love? av Bo Diddley
Who Do You Love? Singel av Bo Diddley | ||
B-side |
I'm Bad | |
---|---|---|
Utgjeve | 1956 | |
Innspelt | Chicago, 24. mars 1956 | |
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
Lengd | 2:18 | |
Selskap | Checker (no. 842) | |
Låtskrivar(ar) | Ellas McDaniel (Bo Diddley) | |
Produsent | Leonard Chess, Phil Chess, Bo Diddley |
«Who Do You Love?» er ein song skriven av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley. Songen vart spelt inn i 1956 med ein tekst som kombinerer hoodoo-aktige bilete og skryt. Det er ein livleg rockelåt, men originalversjonen hadde ikkje den vanlege Bo Diddley-rytmen hans.
«Who Do You Love?» var ein del av repertoaret til Bo Diddley gjennom heile karrieren hans. Songen er blitt tolka av mange andre musikarar opp gjennom åra, ofte med Bo Diddley-rytme. Populære versjonar vart spelt inn av Ronnie Hawkins og George Thorogood, The Woolies, Tom Rush, Quicksilver Messenger Service, og Juicy Lucy.
Utgjeving og mottaking
endreI 1956 vart songen gjeven ut på singel av Checker Records, men nådde ikkje singellistene.[1] Han nådde eit større publikum då han vart med på det første albumet hans, Bo Diddley, som kom ut i 1958.[2] «Who Do You Love?» kom òg ut på mange seinare samleplater, som His Best.[3]
I 1967 spelte Bo Diddley inn ein oppdatert versjon av songen med Muddy Waters og Little Walter for albumet Super Blues.[4] Han spelte igjen inn songen i 1987 for filmmusikken til La Bamba. Willie Dixon produserte songen og Los Lobos akkompagnerte.[5]
I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone Bo Diddley sin originalversjon på 133. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] I 2010 la National Academy of Recording Arts and Sciences songen til Grammy Hall of Fame Award.[7]
«Who Do You Love?» er blitt tolka av mange andre musikarar. Visesongaren Tom Rush spelte inn songen i 1966 for albumet Take a Little Walk with Me.[8]
Ein psykedelisk rockeversjon av The Misunderstood vart spelt inn i 1966 og gjeven ut som B-sida til «I Can Take You to the Sun» på Fontana Records.[9] Misunderstood-gitaristen Glenn Ross Campbell omarbeidde «Who Do You Love» med det seinare bandet sitt, Juicy Lucy, og denne nådde 14. plassen på UK Singles Chart i 1970.[10]
The Woolies spelte inn «Who Do You Love» i ein tidleg amerikansk garageband-stil og denne nådde 97. plassen på Billboard Hot 100 i 1967.[11] Andre versjonar er spelte inn av The Blues Project, The Doors, Carlos Santana og Jesus and Mary Chain.[4][1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Who Do You Love? (Bo Diddley song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Brown, Pete; Newquist, Harvey P. (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. Hal Leonard. ISBN 978-0793540426.
- Capace, Nancy (2001). Encyclopedia of Mississippi. Somerset Publishers. ISBN 978-0403096039.
- Gillett, Charlie (1972). The Sound of the City. Dell Publishing.
- Hal Leonard (1995). The Blues. Hal Leonard. ISBN 0-7935-5259-1.
- Helm, Levon; Davis, Stephen (2013). This Wheel's on Fire: Levon Helm and the Story of the Band. Chicago Review Press. ISBN 978-1613748794.
- Irvin, Jim (2007). The Mojo Collection: The Ultimate Music Companion (4th. utg.). Canongate Books. ISBN 978-1-84195-973-3.
- Leszczak, Bob (2013). Who Did It First?: Great Rhythm and Blues Cover Songs and Their Original Artists. Scarecrow Press. ISBN 978-0810888678.
- Marcus, Greil (2015). Mystery Train: Images of America in Rock 'n' Roll Music. Penguin. ISBN 978-0142181584.
- Mednick, Avram (2013). Got Live Album if You Want It!: 100 Live Recordings to Consider. iUniverse.
- Morris, Chris (2015). Los Lobos: Dream in Blue. University of Texas Press. ISBN 978-0292748231.
- Minturn, Neil (2005). The Last Waltz of The Band. Pendragon Press. ISBN 978-1576470930.
- Palmer, Robert (1981). Deep Blues. Penguin Books. ISBN 0-14-006223-8.
- Schneider, Jason (2009). Whispering Pines: The Northern Roots of American Music. ECW Press. ISBN 978-1554905522.
- Schnieders, Bob (1986). Bo Diddley/Go Bo Diddley – Two on One (CD reissue notes). Bo Diddley. MCA/Chess Records. CHD-5904.
- Snowden, Don (1997). Bo Diddley His Best (Compilation notes). Bo Diddley. MCA/Chess Records. CHD–9373. Arkivert frå originalen 16. september 2011. Henta 10. juli 2017.
- Spin (August 1990). «35 Blues Gitarists Who Definitely Started It All». Spin 6 (5). ISSN 0886-3032.
- Sullivan, Steve (2013). Encyclopedia of Great Popular Song Recordings, Volume 2. Scarecrow Press. ISBN 978-0810882966.
- Thompson, Dave (2010). Bayou Underground: Tracing the Mythical Roots of American Popular Music. ECW Press. ISBN 978-1554906826.
- Trager, Oliver (1997). The American Book of the Dead. Simon and Schuster. ISBN 978-0684814025.
- Unterberger, Richie (1999). Unreleased Quicksilver Messenger Service – Lost Gold and Silver (CD booklet). Quicksilver Messenger Service. EMI/Capitol Records. CCM-109-2.
- ↑ 1,0 1,1 Koda, Cub. «Bo Diddley: Who Do You Love? – Song Review». AllMusic. Henta 10. juli 2017.
- ↑ Schnieders 1986, s. 2.
- ↑ Snowden 1997, Notes.
- ↑ 4,0 4,1 Trager 1997, s. 25.
- ↑ Morris 2015, s. 87.
- ↑ Rolling Stone (December 9, 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (963). Henta 10. juli 2017.
- ↑ «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». The Recording Academy. 2010. Arkivert frå originalen 19. februar 2011. Henta 10. juli 2017.
- ↑ Unterberger, Richie. «Liner Notes for Tom Rush's Take a Little Walk with Me». richieunterberger.com. Henta 10. juli 2017.
- ↑ Thompson 2010, eBook.
- ↑ «Juicy Lucy – Chart History Singles». Official Charts. Henta 10. juli 2017.
- ↑ Billboard (March 18, 1967). «Hot 100». Billboard (Nielsen Business Media) 79 (11): 20. ISSN 0006-2510.
134: «Won't Get Fooled Again» The Who |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 133 «Who Do You Love?» Bo Diddley |
132: «With or Without You» U2 |