Wigan er ein stor by i grevskapet Stor-Manchester i det nordvestlege England. Han er hovudby i valkretsen Wigan, og har ein folkesetnad på omkring 80 000. Byen ligg midt mellom Manchester og Liverpool.

Wigan

Wigan Pier, eit tidlegare verft ved Leeds og Liverpoolkanalen
Wigan Pier, eit tidlegare verft ved Leeds og Liverpoolkanalen
Wigan Pier, eit tidlegare verft ved Leeds og Liverpoolkanalen
Plassering
Wigan is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-Manchester
Distrikt Wigan
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

80,357
Koordinatar 53°33′N 2°38′W / 53.550°N 2.633°W / 53.550; -2.633
Diverse annan informasjon
Postnummer WN1-WN3,WN5,WN6
Telefon-retningsnummer 01942
Commons har multimedium som gjeld: Wigan

Wigan vart grunnlagt i romersk tid, og heitte då Coccium. Området høyrde tidlegare til Lancashire, og mange av innbyggjarane brukar på trass enno Lancs i postadressa si.

Byen var eit sentrum for kolgruveverksemd og produksjon av bomullstekstilar under den industrielle revolusjonen. To viktige kanalsystem møtest ved Wigan, og det var difor eit transportknutepunkt. Den viktigaste brygga er Wigan Pier, som vart kjend i England, fordi han har eit namn som hintar om likskap med dei store pirane som går ut i havet på stader som Blackpool, Southport og Brighton, medan det eigenleg er ei industribrygge omkring 40 km inne i landet. George Orwell skreiv ei bok kalla The Road to Wigan Pier, ein sosiologisk kommentar som ikkje vart godt motteke i byen fordi han teikna eit heller dystert bilete av livet der. Brygga har no eit svært godt museum som tek for seg historia til området.

Dei viktigaste idrettslaga er Wigan Warriors (rugby) og Wigan Athletic (fotball). Dei to laga deler eit stadion, rugby på sommaren og fotball på vinteren. Athletic har hatt ein brokete karriere, men Warriors var i 1980- og 1990-åra klårt det bestet rugbylaget i verda.

Wigan har eit symjebasseng med internasjonal standard, og symjeklubbe Wigan Wasps har stått bak fleire suksesshistorier, som ALTE-vinnarar June Croft.

Den store butikkjeda Marks and Spencer vart grunnlagt i byen, og hovudkvarteret låg i Wigan dei første tre åra.

Sir Ian McKellen, skodespelaren som no er mest kjend som Gandalv i Ringenes Herre, voks opp i Wigan.

Folk frå Wigan kallast ofte nedsettande «paietarar» (pie eaters), truleg referanse til gruvearbeidarane som måtte ete billege paiar medan dei jobba.

Kjelder endre