Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 16, 2015

Ferguson TE20, kalla «Gråtass» på folkemunne.

Soga om utviklinga av traktoren strekkjer seg tilbake til 1800-talet. Dei fyrste traktorane var dampdrivne. Denne artikkelen tek for seg soga om utviklinga av traktorar med intern forbrenningsmotor.

Den fyrste traktoren med forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Gas Engine Co. i USA i 1889Han vart bygd ved å montera ein einsylindra stasjonærmotor på ramma frå ein Rumbely damplokomobil.

Moderne traktorar er større og meir sofistikerte. Farten kunne koma opp i rundt 70 km/t ved transport på veg, og ved tomkøyring heilt opp i 120 km/t. På store bruk har satellittnavigasjon vorte teke i bruk for å dosera gjødsel og ugrasmidlar ved at posisjonen til traktoren vert kopla til elektroniske kart krysskopla mot statistikk som synar kor mykje gjødsel og/eller ugrasmiddel som trengst. Les meir …

Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 16, 2015».