Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 21, 2015
Homs er ein by vest i Syria. Han ligg 501 meter over havet og 162 km nord for Damaskus. Han ligg ved elva Orontes og langs den sentrale hovudvegen mellom dei indre byane og Middelhavskysten.
Homs er eit stort industrisenter og hadde eit folketal på kring 650 000 menneske i 2004, og er den tredje største byen i Syria etter Aleppo i nord og hovudstaden Damaskus i sør. Innbyggjarane i byen syner det generelle religiøse mangfaldet i Syria og består hovudsakleg av arabisktalande sunnimuslimar og alawittar og kristne minoritetar. Det ligg fleire historiske moskéar og kyrkjer i byen, og han ligg nær borga Krak des Chevaliers, som er ein verdsarvstad.
Homs dukka først opp i dei skriftlege kjeldene i det første hundreåret fvt. under selevkidane. Under Det franske mandat-styret vart byen eit opprørssenter og etter sjølvstendet i 1946, eit senter for motstanden mot baathistane til dei første syriske regjeringane. I den pågåande syriske borgarkrigen har Homs vore ein skanse for opposisjonen og syriske styresmakter gjekk til åtak på byen i mai 2011. Les meir …
Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2015
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2015 kan forbetrast.