Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 36, 2015

Den store nordiske krigen i Svensk Pommern med Stralsund i midten. Det svenske imperiet vist i oransje, Danmark i lys oker, Brandenburg-Preussen i blå, Braunschweig-Lüneburg (Hannover) i mørk rosa, Kurfyrstedømet Sachsen i oliven, Polen-Litauen i gult. Det russiske felttoget er vist som grøne piler, danskane i rosa, saksarar, polakkar og litauarar i blå, svenskane i raudt, prøyssarane i lys blå og hannovarane i mørk rosa. Omleira byar er vist som ein mørk ring.

Omleiringa av Stralsund var eit slag under den den store nordiske krigen. Det svenske imperiet forsvarte hamnebyen Stralsund i Svensk Pommern mot ein koalisjonen av Danmark-Noreg, Kurfyrstedømet Sachsen og Det russiske tsardømet.

Det første forsøket på å ta Stralsund vart gjort i 1711, då dei allierte nærma seg byen. Ein svensk hjelpestyrke tvinga koalisjonen til å trekkje seg attende frå festningsverka. Dei allierte vart samde om at Danmark skulle avstå kravet på Bremen-Verden til Hannover, og til gjengjeld vart Danmark lovd dei nordlege områda av Svensk Pommern med Stralsund, medan dei sørlege ormåda skulle gå til Preussen. I 1714 reid Karl XII av Sverige til Stralsund frå eksiltida si i Tyrkia for å leie forsvaret personleg. Frå 12. juli til 24. desember 1715 la dei allierte ei omleiring på byen og tvinga han til slutt til å overgje seg. Karl XII rømde til Sverige.

Stralsund vart verande under dansk kontroll til han vart gjeven attende til Sverige med Frederiksborg-traktaten Les meir ….

Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2015

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 36, 2015».