Stralsund
Stralsund er ein by i Tyskland i delstaten Mecklenburg-Vorpommern med om lag 60 000 innbyggjarar. Byen ligg på sørkystne av Strelasund (eit sund i Austersjøen mellom øya Rügen og fastlandet). Ei bru (Rügendamm) og fleire ferjer går frå Stralsund til hamna på Rügen.
Stralsund | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Mecklenburg-Vorpommern | ||
Region | Ingen | ||
Landkreis | Kreisfri by | ||
Høgd | 13 m | ||
Areal | 54,14 km² | ||
Folketal | 59 450 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 1234 | ||
Postnummer | 18435, 18437, 18439 | ||
Retningsnummer | 03831 | ||
Bilnummer | HST | ||
![]() Stralsund 54°18′33″N 13°04′55″E / 54.309166666667°N 13.081944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Stralsund |
Byen står i dag på UNESCO si verdsarvliste.
Dei største industriane i Stralsund er skipsbygging, fiske og i aukande grad turisme.
Historie
endreByen ved elva Strela vart grunnlagd som Stralov/Strelov i 1234 av slavarar frå Rügen (Rana). Kjøpmenn frå Tyskland kom her dei neste åra og byen byrja å vekse. Etter kvart vart byen ein utfordrar til den mektige byen Lübeck, som sette fyr på Stralsund i 1249. Etter dette vart byen bygd opp att med ein massiv bymur med 11 portar og 30 vakttårn.
I 1293 vart Stralsund medlem av Hansaen. 300 kogger under Stralsund sitt flagg segla på Austersjøen på 1300-talet.
I 1628 omleira general Albrecht von Wallenstein byen under trettiårskrigen fram til svenske troppar kom til Stralsund og tvinga generalen tilbake. Etter krigen gav freden i Westfalen i 1648 Vorpommern og byen Stralsund til Sverige, og vart Svensk Pommern. Under den store nordiske krigen i 1715 forsvarte Karl XII Stralsund i eitt år mot dei sameinte europeiske hærane. Stralsund var under svensk kontroll fram til 1815, då han vart ein del av Preussen.
Frå 1949 til gjenforeininga av Tyskland i 1990 var Stralsund ein del av Aust-Tyskland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stralsund» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2007.