Det russiske tsardømet

Det russiske tsardømet (russisk Царство Русское - Tsarstvo Russkoje) er det offisielle[1] namnet på den russiske staten i tida frå då Ivan IV tok tittelen tsar (keisar) i 1547 til Peter den store grunnla Det russiske keisardømet i 1721.

Русское Царство
Det russiske tsardømet

1547–1721
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Russland
Plasseringa til Russland
Det russiske tsardømet (grønt) kring 1700 under regjeringstida til Peter den store
Hovudstad Moskva
Aleksandrova Sloboda (1564–1581)
St. Petersburg (1712–1721)
Språk Russisk
Religion Russisk-ortodoks
Styreform Monarki
Tsar Ivan IV den grufulle
 - 1682–1721 Peter den store
Historie
 - Kroninga av Ivan IV 16. januar 1547
 - Riket erklært 22. oktober 1721
Valuta Rubel

Opphav endre

 
Elfenbeinstrona til Ivan den skrekkelege.

På 1500-talet hadde den russiske herskaren stått opp som ein mektig, autokratisk person, ein tsar. Med dette viste han at han såg på seg sjølv på lik linje med keisaren av Austromarriket eller den mongolske khanen. Etter at Ivan III gifta seg med Sofia Paleologa, niesa til den siste keisaren av Austromarriket, tok hoffet i Moskva opp austromerske skikkar, ritual, titlar og emblem, som den tohovuda ørna, som framleis er ein del av det russiske riksvåpenet.

Ivan den skrekkelege endre

Under Ivan IV (regjerte 1533-1584) fekk tsaren uavgrensa styre. Ivan IV vart krona til tsar og dermed anerkjend av kyrkja som keisar. Theofilos av Pskov hevda at sidan Konstantinopel hadde falle til Det osmanske riket i 1453 var den russiske tsaren den einaste rettmessige ortodokse herskaren og at Moskva var Det tredje Roma, sidan han var den siste etterfølgjaren til Roma og Konstantinopel, senter får kristendom i tidlegare periodar. Denne tanken var ein del av sjølvbiletet til Russland dei neste hundreåra.

Ivan IV tok tsaren si autokratiske makt til nye høgder og han vart kjend som den skrekkelege (russisk gorznyj som tyder «tordnande»). Ivan viste faren med å la ein mentalt ustabil person styre ein stat, og sjølv om han tilsynelatande var intelligent og handlekraftig, leid han av paranoia og depresjonar, og han vart kjend for sine ekstremt valdelege handlingar.

Ivan IV vart storfyrste av Moskva i 1533, berre tre år gammal, og tok over trona i 1547. Kroninga av Ivan som tsar var inspirert av omstendelege kroningsprosessane av dei austromerske keisarane. Assistert av ei gruppe bojarar, starta Ivan ei rekkje nyttige reformer. I 1550-åra innførte han ei ny lovsamling, omorganiserte militæret og det lokale styret.

Russland var stadig i krigar og erobra stadig nye landområde. Ivan slo og annekterte Kazan-khanatet ved Volga i 1552 og seinare Astrakhan-khanatet, der Volga munnar ut i Kaspihavet. Desse sigrane omforma Russland til den multietniske og fleirreligiøse staten han framleis er i dag. Tsaren kontrollerte no områda langs heile Volga og fekk tilgang til Sentral-Asia.

Utviding nordvestover mot Austersjøen viste seg å verte langt vanskelegare. I 1558 invaderte Ivan Livland og hamna såleis ut i ein 25 år lang krig mot Det polsk-litauiske samveldet, Sverige og Danmark. Trass i noko suksess, vart hæren til Ivan pressa tilbake og nasjonen klarte ikkje å feste ein posisjon ved Austersjøen. Samstundes prøvde Devlet I Giray av Krim-khanatet å utnytte denne krigen, og samla saman så mange som 120 000 ryttarar som han raserte Moskva-regionen med fram til slaget ved Molodi, som sette ein stoppar for desse invasjonane. I tiåra etter vart likevel dei sørlege grenseområda stadig plyndra av Nogajhorden og Krim-khanatet, som tok dei lokale innbyggjarane med seg som slavar. Desse krigane sleit på Russland.

Opritsjnina og problemtida endre

 
Eit palass frå 1600-talet ved Krutitsy.

Seint i 1550-åra utvikla Ivan ei fiendtleg haldning til rådgjevarane sine, regjeringa og bojarane. I 1565 valde han å dele Russland i to delar: hans private domene (eller opritsjnina) og eit offentleg område (eller zemsjtsjina). Ivan valde seg ut dei mest velståande og viktigaste distrikta i Russland som sitt eige domene, og her gjekk han til åtak på bojarane, handelsmennene og sjølv vanlege folk, tok livet av enkelte og konfiskerte landområda og eigedelane deira. Slik byrja eit tiår med terror i Russland som enda med massakren i Novgorod i 1570.

Som følgje av denne politikken braut Ivan ned den økonomiske og politiske makta til dei fremste bojarfamiliane, og slik øydela han personane som hadde bygd opp Russland og som var best i stand til å styre landet. Handelen forsvann og bøndene, som vart møtt med auka skattar og valdstrugslar, valde å flytte frå Russland. I 1572 avskaffa Ivan omsider praksisen med opritsjninaen, men politikken hadde ført landet ut i uføre og ein periode kalla problemtida følgde.

Ivan IV vart ettefølgd av sonen Fjodor, som var mentalt tilbakeståande. Det eigentlege styret hadde derfor svigerbror til Fjord, bojaren Boris Godunov, som er kjend for å ha avskaffa Jurijdagen, den einaste gongen i året då liveigne kunne flytte frå ein landeigar til ein annan. Den kanskje viktigaste hendinga under Fjordor var opprettinga av patriarkatet i Moskva i 1589, som skapte den heilt sjølvstendige og frå skilde russisk-ortodokse kyrkja.

I 1598 døydde Fjodor utan arvingar og enda med det Rurik-dynastiet. Boris Godunov kalla så inn til ein Zemskij Sobor, ei nasjonalforsamling av bojarar, kyrkjeleiarar og borgarlege, som utropte han til tsar, sjølv om forskjellige bojarfraksjonar nekta å anerkjenne denne avgjersla. Feilslåtte avlingar førte til den russiske svolten i 1601-1603 og i denne perioden dukka ein mann opp som hevda å vere Tsarevitsj Demetrius, Ivan IV sin son som døydde i 1591. Denne pretendenten til trona vart kjend som Falske Dmitrij I. Han fekk støtte i Polen og marsjerte til Moskva, samla støtte hos bojarane og andre personar langs vegen. Historikarar meiner[2] at Godunov truleg klart seg gjennom denne krisa om han ikkje hadde døydd i 1605. Den falske Dimitrij I kom til Moskva og vart krona til tsar same året, etterfølgd av mordet på Tsar Fjodor II, sonen til Godunov.

Russland gjekk så inn i ein periode der kaos framleis herska, ein periode kjend som Problemtida (Смутное Время). Verken bojarar eller andre borgarar klarte å ta frå tsaren makta, mellom anna fordi bojarane kjempa seg i mellom for å ta over trona og fordi fiendtlege styrkar okkuperte Kreml.

I problemtida oppstod det ein borgarkrig, som vart gjort verre av at forskjellige bojarfraksjonar kjempa seg i mellom om å ta over trona, Polen og Sverige blanda seg inn, og ei særs stor misnøye hos folket. Falske Dimitrij I og den polske garnisonen hans vart styrta og ein bojar, Vasilij Sjujskij vart utropt til tsar i 1606. I eit forsøk på å halde på trona allierte Sjujskij seg med svenskane og starta den ingriske krigen med Sverige. Falske Dimitrij II allierte seg med Polen og slo seg ned utanfor bymurane til Moskva der han sette opp eit falskt hoff i landsbyen Tusjino.

I 1609 blanda Polen seg offisielt inn i forretningane til Russland, fanga Sjujskij og okkuperte Kreml. Ei gruppe russiske bojarar signerte i 1610 ein fredsavtale og anerkjende Władysław IV Vasa, son av den polske kongen Sigismund III Vasa, som tsar. I 1611 dukka Falske Dmitrij III opp i dei svenskokkuperte områda, men vart raskt pågripen og avretta. Det polske nærværet starta ein ny patriotisme hos russarane og ein frivillig hær, finansiert av handelsmennene Stroganov og velsigna av den ortodokse kyrkja, vart danna i Nizjnij Novgorod og ført av fyrst Dmitrij Pozjarskij og Kuzma Minin dreiv dei polakkane ut av Kreml. I 1614 erklærte ein zemskij sobor bjoaren Mikhail Romanov som tsar, og starta med det den 300 år lange regjeringstida til Romanov-familien.

Romanov endre

 
Andrej Rjabusjkin. Tsar Mikhail ved sesjonen til Bojardumaen.

Dei store fiendane til Russland, Polen og Sverige, hamna på denne tida i krig med kvarandre, noko som gav Russland høve til å gjere fred med Sverige i 1617. Den polsk-moskovittiske krigen enda med Deulinoavtalen i 1618, og Polen og Litauen fekk tilbake styre over område, inkludert Smolensk, som Storhertugdømet Litauen hadde tapt i 1509.

Dei første Romanov-tsarane var svake herskarar. Under Mikhail var dei statlege affærane styrt av faren, Filaret, som i 1619 vart patriark i den ortodokse kyrkja. Seinare støtta son til Mikhail, Aleksej (r. 1645-1676) seg til bojaren Boris Morozov, som styrte landet for han. Morozov misbrukte posisjonen sin og utnytte innbyggjarar, og i 1648 vart han vist bort av Aleksej etter saltopprøret i Moskva.

Etter Smolenskkrigen, eit mislukka forsøk på å ta tilbake Smolensk frå Polen i 1632, gjorde Russland fred med Polen i 1634. Den polske kongen Wladyslaw IV, son og etterkomar av Sigismund III Vasa som bojarane hadde vald til tsar av Russland under problemtida, sa frå seg alle krav til tittelen i fredsavtalen.

Lovendringane i 1649 endre

Autokratiet overlevde Problemtida med svake og korrupte tsarar på grunn det sterke, sentrale byråkratiet til styresmaktene. På 1600-talet vart byråkratiet kraftig utvida og talet på departement (prikazy ; eintal prikaz ) auka frå 22 i 1613 til 80 rundt 1650. Ofte dekte departementa overlappande og motstridande område, men dei sentrale styresmaktene klarte slik å få kontroll over og regulere alle samfunnsgrupper, samt handel, produksjon og til og med den ortodokse kyrkja.

Sobornoje Ulozjenije, ei omfattande lovsamling, vart innført i 1649. På denne tida hadde bojarane slått seg saman med den nye eliten, som no var obligatoriske tenarar av staten, og danne eit nytt adelskap kalla dvorjanstvo. Staten kravde tenester frå både den gamle og nye adelen, hovudsakleg i militæret på grunn av stadige krigar langs grensene i sør og vest, og åtak frå nomadane. Til gjengjeld fekk adelen land og bønder.

Staten sanksjonerte fullt ut liveigenskap og bønder som rømte vart statsflyktningar. Godseigarane hadde fullstendig kontroll over bøndene sine. Bønder som levde på statseigd land vart ikkje rekna som liveigne. Dei vart organiserte i kommunar som var ansvarlege for skattar og andre forpliktingar. Som dei liveigne bøndene måtte desse statsbøndene halde seg til landområde dei hadde fått. Handelsmenn og handverkarar frå mellomklassen vart skattlagde, og som dei liveigne bøndene hadde dei ikkje lov å flytte.

Den nye lova med auka skattar og reguleringar førte til at misnøya som hadde ulma sidan problemtida vart skjerpa. I 1650- og 1660-åra auka talet på bønder som rømde dramatisk. Eit populært område som mange rømde til var området rundt elva Don, der don-kosakkane heldt til. Eit stort opprør fann stad i Volga-regionen i 1670 og 1671. Stenka Razin, ein kosakk frå Don-regionen, leia eit opprør som førte saman rike kosakkar og liveigne bønder på flykt. Det uventa opprøret sveipa oppover Volgadalen og trua sjølv Moskva. Troppane til tsaren klarte til slutt å slå tilbake opprørarane etter dei hadde okkupert store byar langs Volga. Razin vart offentleg torturert og avretta.

Nyskaffinga av Ukraina endre

Russland heldt fram å vokse utover 1600-talet. I sørvest tok dei austlege område av Ukraina, som hadde vore under polsk-litauisk styre. Zaporozji-kosakkane, krigarar som levde i grenseområda mellom Polen, Russland og krim-tatarane, hadde tent i den polske hæren som leigesoldatar, men vart verande sjølvstendige og gjorde fleire opprør mot polakkane. I 1648 slo bøndene i Ukraina seg saman med kosakkane under Khmelnytskij-opprøret, på grunn av undertrykkinga frå polakkane. I starten av ukrainarane allierte med krim-tatarane, som medverka til å styrte det polske styret. Polakkane overtydde tatarane til å skifte side, og ukrainarane trengde då militær støtte for å halde på posisjonen sin.

I 1654 tilbydde den ukrainske leiaren Bokhdan Khmelnytskij Ukraina som eit protektorat under den russiske tsaren Aleksej I. Aleksej tok imot tilbodet, som vart ratifisert med Perejaslav-traktaten. Dette førte til krig mellom Russland og Polen. Andrusovo-traktaten, som enda krigen i 1667, delte Ukraina langs elva Dnepr, den vestlege delen kalla Ukraina på den høgre breidda vart underlagt Polen, og den austlege delane, eller Ukraina på den venstre breidda vart det kosakkiske Hetmanat, eit sjølvstyrt område underlagt tsaren.

 
Apollinarij Vasnjetsov. Ein gammal russisk by.

Raskol endre

Då Russland utvida områda sine sørvestover fekk dette uante konseveknsar. Dei fleste ukrainarane var ortodokse, men dei nære kontaktane til dei romersk-katolske og den polske motreformasjonen, førte dei i kontakt med vestlege intellektuelle strøymingar. Den russisk-ortodokse kyrkja oppdaga at isolasjonen deira frå Konstantinopel hadde ført til liturgiske variasjonar og praksisar.

Den russisk-ortodokse patriarken Nikon ønskte å føre dei russiske tekstane i samsvar med dei opphavlege gresk tekstane, men møtte hard motstand hos mange russarar som såg på dette som utanlandsk inntrenging eller til og med verk av djevelen. Då den ortodokse kyrkja tvinga gjennom reformene oppstod det eit skisma i 1667. Dei som ikkje aksepterte reformene vart kalla dei gammaltruande. Desse vart offisielt erklært for kjettarar og vart forfølgd av både kyrkja og staten. Den fremste personen av dei gammaltruande, erkepresten Abbacum, vart brend på stake. Delinga vart så permanent, og mange handelsmenn og bønder slo seg saman med dei gammaltruande.

Tsaren følte òg innverknaden frå Ukraina og vesten, og gjennom Kiev kom nye impulsar innan barokken i arkitektur, litteratur og kunst. Andre meir direkte kanalar til vesten gjorde at den internasjonale handelen auka og fleire utlendingar kom til Russland. Tsaren fatta interesse for den meir avanserte teknologien i vesten, særleg innan militært utstyr. Mot slutten av 1600-talet hadde innverknader frå Ukraina, Polen og Vest-Europa tatt over for den russiske kulturen og bana veg for meir radikale endringar.

Erobringa av Sibir endre

 
Vasilij Surikov. Jermak erobrar Sibir.

Russland utvida landområda sine austover og møtte relativt lite motstand. I 1581 leigde handelsfamilien Stroganov, som dreiv med pelshandel, kosakkleiaren Jermak Timofejevitsj, for å føre ein ekspedisjon inn i vestlege område av Sibir. Jermak slo Sibir-khanatet og erklærte områda vest for Ob og Irtysj russiske landområde.

Frå basar som Mangazeja, pressa handelsmenn og utforskarar på austover frå Ob til Jenisej, så vidare til Lena og heilt til kysten av Stillehavet. I 1648 opna kosakken Semjon Dezjnov ein passasje mellom Amerika og Asia. På midten av 1600-talet nådde russarane elva Amur, i utkanten av Det kinesiske keisardømet.

Etter ein periode med strid med Manchu-dynastiet avtalte Russland fred med Kina i 1689. Med Nertsjinsk-traktaten avstod Russland krava sine på Amurdalen, men fekk tilgang til områda aust for Bajkalsjøen og handelsruta til Beijing. Freden med Kina skjedde samstundes med at russarane nådde Stillehavet på midten av 1600-talet.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. "В некотором царстве, в некотором государстве..." Sigurd Shmidt, Journal "Rodina", Nr. 12/2004, arkivert frå originalen 8. juli 2014, henta 5. november 2008 
  2. Ruslan Skrynnikov. Boris Godunov. Moskva: Nauka, 1983. Reprinted 2003. ISBN 5-17-010892-3.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det russiske tsardømet