Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 4, 2014
Siste kommentar: for 10 år sidan av Hogne
Forslag 1: Jens Tvedt:
Jens Tvedt (1857 - 1935) var ein norsk forfattar som for det meste skreiv på nynorsk. Han var fødd i Kvinnherad, og var lærar fram til 1899. I 1885 vart han tilsett ved Stavanger bibliotek, i 1901 vart han sjefsbibliotekar.
Totalt skreiv han 25 bøker, alle på klassisk, elegant nynorsk. Sjølv om han budde 50 år i Stavanger er miljøet henta frå eit fjordlandskap som minner om barndomens Sunnhordland. Bøkene er godt fortalde, velskrivne og fulle av lun humor. Frå 1919 fekk Tvedt statens forfattarløn.
Knut Hamsun skreiv i 1939:
- «Det må komme en samlet utgave av Jens Tvedts beste bøker. Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham.»