Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 45, 2014

Forslag 1: Pave Pius VII


Pave Pius VII

Pave Pius VII (1740 - 1823) var pave frå 14. mars 1800 til han døydde i 1823. Han var den 251. i paverekkja. Sentralt i pavetida hans var tilhøvet til Frankrike under Napoleon, som hadde stor makt over pavestaten.

Paven og regimet til Napoleon inngjekk avtalen kjend som Konkordatet i 1801. I 1804 blei Pius VII tvinga til å reisa til Paris for å krona Napoleon til keisar i ein seremoni der Napoleon sjølv sette krona på hovudet sitt. I 1806 erklærte Napoleon at ettersom han var keisar, var paven de facto undersåtten hans, og han forventa at paven ville gripa inn mot motstandarane til Napoleon som oppheldt seg i Kyrkjestaten. Frå 1808 okkuperte styrkane til Napoleon denne staten. Natt til 6. juli 1809 blei paven arrestert og heldt i fangenskap i nesten fem år. I denne tida forsøkte Napoleon ei rekkje gonger å få makt over den katolske kyrkja.


Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2014

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 45, 2014».