Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 5, 2015

Forslag 1 Den store hungersnauda i 1315-1317:

Frå Apokalypsen (Johannes Openberring) i ein versjon av Biblia Pauperum. Måla ved Erfurt i tida rundt den store hungersnauda. Døden («Mors») sit over ei løve der den lange halen til løva endar i eit flammehav (helvete). Svelt («Fames») peikar på den svoltne munnen hennar.


Den store hungersnauda i 1315-1317 var den første av ei rekkje store kriser som råka Europa på 1300-talet. Hungersnauda medverka, saman med andre kriser, til at millionar av menneske døydde og markerer slutten på ein periode (1100-talet og 1200-talet) som hadde vore prega av folkevekst og framgang. Svolten starta med dårleg vêr våren 1315 og avlingane slo feil fleire gonger fram til 1317. Europa kom seg ikkje til hektene igjen før 1322. Det var ein periode prega av høg kriminalitet, sjukdom og dødsfall i stor skala, barnemord og kannibalisme. Perioden fekk konsekvensar for kyrkja, staten, det europeiske samfunnet og katastrofar som skulle kome seinare på 1300-talet.

Den store hungersnauda var sentrert til Nord-Europa, frå Russland i aust til Irland i vest, frå Alpane og Pyreneane i sør til Skandinavia i nord. Les meir …

Start ein diskusjon om Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 5, 2015

Start ein diskusjon
Tilbake til prosjektsiden «Utvald artikkel/Veke 5, 2015».