Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 16, 2012
Siste kommentar: for 12 år sidan av Ranveig
Forslag 1:
Akkadisk er eit utdødd austsemittisk språk som var sterkt påverka av sumerisk. Akkadisk er ei fellesnemning på tre dialektar som er i nær slekt – gammalakkadisk, babylonsk og assyrisk. Det blei bruka i perioden frå omkring 2500 f.Kr. til det fyrste århundret etter Kristus i Mesopotamia og i dagens Syria. Dei siste århundra av levetida til språket blei det i stor grad utkonkurrert av arameisk, og blei til slutt bare bruka som skrift- og lærdomsspråk. Språknamnet er avleidd frå namnet på byen Akkad. Akkadisk var folkespråk og embetsspråk i Mesopotamia og i ein periode språket for internasjonal korrespondanse i Midtausten og Egypt. Les meir …
- -Hogne (diskusjon) 20. mars 2012 kl. 08:45 (CET)
- God idé, emnespreiing er flott. --Ranveig (diskusjon) 20. mars 2012 kl. 09:39 (CET)