Akkadisk
Klassifisering: Afroasiatisk
 Semittisk
  Austsemittisk
   Akkadisk
Bruk
Var tala i: Mesopotamia
Utdøydd: 100 e.Kr.
Språkkodar
ISO 639-2: akk
ISO 639-3: akk

Akkadisk er eit utdøydd austsemittisk språk som var sterkt påverka av sumerisk. Det blei bruka i perioden frå omkring 2500 f.Kr. til det fyrste hundreåret etter Kristus i Mesopotamia og i dagens Syria. Dei siste hundreåra av levetida til språket blei det i stor grad utkonkurrert av arameisk, og blei til slutt berre bruka som skrift- og lærdomsspråk. Språknamnet er avleidd frå namnet på byen Akkad. Akkadisk var folkespråk og embetsspråk i Mesopotamia og i ein periode språket for internasjonal korrespondanse i Midtausten og Egypt.

Akkadisk er ei fellesnemning på tre dialektar som er i nær slekt – gammalakkadisk, babylonsk og assyrisk. Den mellombabylonske språkforma blei i ein periode bruka som eit lingua franca i Midtausten, og er dokumentert, ofte i former som var påverka av språklege substrat som til dømes kanaanittiske språk, i dokument frå andre delar av regionen, blant anna i dei såkalla Amarnabreva.

Frå og med den mellombabylonske perioden blei det bruka ein bestemt dialekt, standardbabylonsk, ved skriving av litterære tekstar i Babylonia og Assyria. Denne litteraturdialekten er ein syntese av gammal- og mellombabylonsk.

Klassifisering endre

Saman med dei øvrige semittiske språka høyrer akkadisk til dei afroasiatiske språka, ein språkfamilie som høyrer heime i Vest-Asia og Nord-Afrika.

Innanfor dei semittiske språka dannar akkadisk ei eiga austsemittisk undergruppe. Ho skil seg frå nordvest- og sørsemittiske språk gjennom ordstillinga subjekt–objekt–predikat (SOV), mens dei to andre greinene vanlegvis nyttar ei predikat–subjekt–objekt- eller subjekt–predikat–objekt-ordstilling. Ordstillinga i akkadisk er forskjellig på grunn av påverknad frå sumerisk, som har SOV.

Dessutan brukar akkadisk som einaste semittiske språk preposisjonane ina (lokativ, altså norske i, , ved, med) og ana (dativ-allativ, altså norske for, til). Mange nordvestsemittiske språk som er i slekt, som arabisk og arameisk, har i staden preposisjonane bi/bə (lokativ) respektive li/lə (dativ). Opphavet til dei akkadiske rompreposisjonane er ukjent.

I motsetning til dei fleste andre semittiske språka har akkadisk berre éin frikativ, nemleg [x]. Akkadisk har mista både dei glottale og dei faryngale frikativane, som er typiske for dei andre semittiske språka. Sibilantane i akkadisk var i alle fall fram til gammalbabylonisk tid (om lag 1800-talet f.Kr.) berre affrikatar.

Historie og skrift endre

Skrift endre

For meir om dette emnet, sjå kileskrift.
 
Kileskrift (nyassyrisk teiknform)
(1 = ordteikn (OT) «blande»/stavingsteikn (ST) ḫi,
2 = OT «vassgrav»,
3 = ST ,
4 = ST aḫ, eḫ, iḫ, uḫ,
5 = ST kam,
6 = ST im,
7 = ST bir)

Gammalakkadisk har blitt bevart på leirtavler sidan 2600 f.Kr. Det blei skrive med kileskrift, som blei overtatt frå sumerarane. I motsetning til i sumerisk blei dette til ei fullt utvikla stavingsskrift. Den opphavlege logogramkarakteren til kileskrifta kom i bakgrunnen. Likevel fortsette ein å nytte dei tilsvarande logogramma for ofte nytta ord som «gud», «tempel» og så vidare. Derfor kan til dømes teiknet AN på den eine sida stå som logogrammet for «gud», og på den andre sida nemne guden An, og til og med bli bruka som stavingsteikn for stavinga -an-. Dessutan blei det same teiknet bruka som determinativ for gudenamn.

Døme 4 på bildet til høgre viser ein annan eigenart i det akkadiske kileskriftsystemet. Mange stavingsteikn har ikkje nokon eintydig lydverdi. Enkelte teikn, til dømes A, har same betyding uavhengig av stavingsvokalen sin. Heller ikkje i den andre retninga er det noko eintydig koordinering. Stavinga -ša- blir til dømes gjengitt med teiknet ŠA, men au med teiknet NÍĜ. Ofte blir til og med desse to teikna nytta for den same stavinga i ein og same tekst.

Språkutvikling endre

Gammalakkadisk, som blei nytta fram til slutten av det tredje tuseneåret f.Kr., skil seg frå både babylonsk og assyrisk, og det blei utkonkurrert av desse dialektane. Allereie på 2000-talet f.Kr. kunne desse to, som seinare skulle bli hovuddialektar, tydeleg bli skilde frå kvarandre. Gammalbabylonsk er, på same måte som den nærståande dialekten mariottisk, tydeleg meir innovativt enn både det gammalassyriske språket og det fjernare eblaittiske språket. Derfor er det i gammalbabylonsk at ein for fyrste gong finn former som lu-prus (eg kjem til å avgjere), i staden for den eldre la-prus. Sjølv om assyrisk var temmeleg arkaisk samanlikna med akkadisk, utvikla også dette språket visse nyvinningar, til dømes den «assyriske vokalharmonien», som lell ikkje kan bli samanlikna med vokalharmonisystemet i tyrkisk eller finsk. Eblaittisk var eit enda meir arkaisk språk. Det hadde heile tida eit produktivt dualis og eit relativt pronomen som blir særstilt etter kasus, numerus og genus. Begge delar forsvann allereie i gammalakkadisk.

Gammalbabylonsk var språket til kong Hammurabi, og med dette skapte han det som i dag blir kalla lovane til Hammurabi, ein av dei eldste lovtekstane i verda.

Frå 1400-talet f.Kr. snakkar ein om «mellombabylonsk». Grensedraginga bygger på at kassittarane erobra Babylonia omkring 1550 f.Kr. og deretter herska over dette språket i over 300 år. Dei gav opp sitt eige språk til fordel for akkadisk, men hadde liten innflytnad på språket. I mellombabylonskens blomstringstid var det i heile den gamle orientalske verda, inkludert Egypt, skriftspråket til diplomatiet. Under denne perioden tok det også opp mange lånord frå nordvestsemittiske språk og frå hurrittisk. Desse blei likevel berre bruka i grenseområda til det akkadiske språkområdet.

 
Ei akkadisk innskrift

Sjølv gammalassyrisk utvikla seg vidare i det andre tuseneåret før Kristus. Sidan det var eit reint folkespråk – kongar skreiv på babylonsk – finst det berre nokre få bevarte omfangsrike tekstar frå denne tida. Frå rundt 1500 f.Kr. snakkar ein om «mellomassyrisk».

I løpet av det fyrste tuseneåret før Kristus mista akkadisk meir og meir statusen sin som embetsspråk. I starten, frå rundt 1000 f.Kr., stod akkadisk og arameisk parallelt som embetsspråk. Dette blei tydeleg på mange avskrifter, der leirtavleskrivarane skreiv på akkadisk, mens papyrus- og lêrskrivarane brukte arameisk. Til og med dei samtidige tekstane viser dette. Frå og med denne tida blir språka kalla «nyassyrisk» og «nybabylonsk». Nyassyrisk fekk eit stort oppsving på 700-talet f.Kr., da det assyriske riket utvikla seg til ei stormakt. 612 f.Kr. blei byen Nineve, og dermed det assyriske riket, øydelagt. Berre i omtrent ti år til fanst det tekstar som var skrivne på berre assyrisk.

Etter at dei mesopotamiske rika vart oppløyste gjennom erobringa persarane gjorde i området, forsvann akkadisk (som da berre eksisterte i form av «seinbabylonsk») som folkespråk, men det blei stadig nytta som skriftspråk. Også etter invasjonen frå grekarane under Alexander den store på 300-talet f.Kr. kunne språket hevde seg som skriftspråk. Mykje tyder derimot på at akkadisk som talespråk allereie var utdøydd på denne tida, eller i det minste veldig lite bruka. Dei yngste tekstane på akkadisk stammar frå midten av 200-talet e.Kr.

Dechiffrering endre

Det akkadiske språket blei gjenoppdaga fyrst da dansken Carsten Niebuhr i 1767 kunne gjera omfangsrike avskrifter av kileskrifttekstar og presenterte dei i Danmark. Med ein gong begynte mange å prøve å tyde språket. Til særleg stor hjelp i den samanhengen var fleirspråklege tekstar, som blant anna inneheldt gammalpersiske og akkadiske delar. Sidan mange kongenamn var med i desse tekstane, kunne ein identifisere i alle fall enkelte kileskriftteikn, som blei presenterte for folk flest i 1802 av Georg Friedrich Grotefend. Allereie da var det mogleg å sjå at akkadisk høyrte til dei semittiske språka. Det endelege gjennombrotet i tydinga av skrifta, og dermed i tilgangen til det akkadiske språket, lykkast Henry Rawlinson med på midten av 1800-talet.

Dialektar endre

Den fylgjande tabellen inneheld ei samanfatting av dei til nå sikkert identifiserte dialektane i akkadisk.

Dialekt Region
Assyrisk Nord-Mesopotamia
Babylonsk Sentral- og Sør-Mesopotamia
Eblaittisk Nord-Syria (i og omkring Ebla)
Mariottisk Midtre Eufrat (i og omkring byen Mari)
Tall Baydar Nord-Syria (i og omkring Tall Baydar)

Enkelte forskarar (til dømes B. Sommerfeld 2003) går vidare utifrå at den «gammalakkadisken» som blei bruka i dei eldste tekstane ikkje var nokon forgjengar til dei seinare dialektane assyrisk og babylonsk, men ein eigen dialekt som blei utkonkurrert av desse to og døydde ut tidleg.

Fonetikk og fonologi endre

Sidan akkadisk som talespråk er utdøydd og ingen samtidige skildring av uttalen blei gjort, kan ein ikkje forske noko særleg på fonetikken og fonologien. Ein kan likevel, på grunn av slektskapen med dei andre semittiske språka og ved hjelp av variantane i skrivemåten av ord i akkadisk, trekke nokre slutningar.

Konsonantar endre

Den fylgjande tabellen gjengir dei lydane som er spesielle i den akkadiske bruken av kileskrift. IPA-teikna representerer den uttalen ein trur dei hadde, etter Streck (2005). I klammar fylgjer den transkripsjonen for lyden som blir bruka i faglitteraturen, i dei tilfella der det skil seg frå det fonetiske teiknet. Denne transkripsjonen har blitt foreslått for alle semittiske språk av Deutsche Morgenländische Gesellschaft (DMG) og blir difor kalla som DMG-Umschrift.

  bilabial alveolar palatal velar glottal
ustemte stemte ustemt stemt ustemt stemt ustemt stemt ustemt stemt
Ejektiver     t’ (), ts’ ()       k’ (q)      
Plosivar p b t d     k g ʔ (ʾ)  
Affrikatar     ts (s), (š) dz (z)            
Frikativar             x ()      
Nasalar   m   n            
Vibrantar       r            
Laterale approksimantar       l            
Sentrale approksimantar   w       j        

Når det gjeld lateralaffrikaten /š/, trur somme forskarar at han har hatt ein frikativ uttale ([ɬ] eller [ʃ]).

Vokalar endre

  fremre sentrale bakre
urunda runda urunda runda urunda runda
lukka i         u
middels e/ɛ (e)          
open     a      

Dessutan reknar dei fleste akkadologar med at det var ein bakre mellomvokal (o eller ɔ). Kileskrifta gir likevel ikkje noko godt bevis på dette.

Alle konsonantar og vokalar finst som korte og lange. Konsonantlengd blir uttrykt ved dobling av den gjeldande konsonanten, vokallengde ved ein strek over vokalen (ā, ē, ī, ū). Denne forskjellen er fonemisk, det vil si betydningsskillande, og blir au utnytta i grammatikken, til dømes iprusu (at han avgjorde) – iprusū (dei avgjer).

Trykk endre

Om trykk i akkadisk veit ein ingenting kjent. Rett nok finst det visse haldepunkt, som regelen om bortfall av vokalar (sjå neste avsnitt), og det at visse skrivemåtar i kileskrifta kan representere trykk på visse vokalar, men til no har ein enda ikkje kunna bevise nokon betoningsregel.

Akkadisk har ein regel som stryk korte vokalar (og truleg dei utan trykk). Dette skjer ikkje med vokalar i siste staving i ord, og berre i opne stavingar som fylgjer ei anna open staving med kort vokal. Opne stavingar er i denne samanhengen dei som sluttar på ein vokal. Til dømes blir verbaladjektivet (partisipp II) av verbet prs (avgjera) i den feminine forma uttala paris-t-um (-t markerer hokjønn, -um er nominativ-endinga). /i/-en blir ikkje stroken, ettersom han er del av ei lukka staving (/ris/). I den maskuline forma av ordet heiter det likevel pars-um, sidan /i/-en i den forma som ligg til grunn, /pa.ri.sum/, står i ei open staving og kjem etter ei kort open staving (/pa/). I dei seinare språkstadia i akkadisken ser ein i tillegg eit generelt bortfall av korte vokalar i slutten av ord.

Grammatikk endre

Morfologi endre

Generelt endre

Som alle semittiske språk brukar også akkadisk den såkalla rotbøyninga. I ei ordrot er det vanlegvis tre konsonantar, dei såkalla radikalane. I transkripsjonen er det av og til brukt store bokstavar på radikalane eller rotkonsonantane, til dømes PRS (avgjera). Mellom og rundt desse rotkonsonantane blir det i akkadisk sett inn ulike infiksar, prefiks og suffiks, som har grammatiske og orddannande funksjonar. Konsonant-vokal-mønsteret som dette fører til, differensierer grunntydinga til rota. Den midterste rotkonsonanten (radikalen) kan vera enkel eller dobbel (forlenga). Denne forskjellen er tydingsskiljande. Eit døme på dette finst i avsnittet «Verbmorfologi».

Konsonantane ʔ, w, j og n blir nemnde som «svake radikalar». Røter som inneheld desse radikalane dannar uregelrette stammeformer.

Kasus, numerus og genus endre

Akkadisk har to grammatiske kjønn, maskulinum og femininum. Feminine substantiv og adjektiv har som oftast ein -(a)t i slutten av stammen. Kasussystemet er enkelt. Det inneheld i eintal tre kasus (nominativ, genitiv og akkusativ), i fleirtal berre to kasus (nominativ og oblik). Adjektiv kongruerer i kasus, numerus og genus med hovudordet og fylgjer dette.

Med substantiva šarrum (konge) og šarratum (dronning) og adjektivet dannum (sterk) som eksempel, blir kasussystemet til gammalbabylonsk gjort tydeleg i den fylgjande tabellen:

Kasus/Numerus maskulinum femininum
Substantiv
Nominativ eintal šarr-um šarr-at-um
Genitiv eintal šarr-im šarr-at-im
Akkusativ eintal šarr-am šarr-at-am
Nominativ fleirtal šarr-ū šarr-ātum
Oblik fleirtal šarr-ī šarr-ātim
Adjektiv
Nominativ eintal dann-um dann-at-um
Genitiv eintal dann-im dann-at-im
Akkusativ eintal dann-am dann-at-am
Nominativ fleirtal dann-ūtum dann-ātum
Oblik fleirtal dann-ūtim dann-ātim

Som ein ser, skil endingane for substantiv og adjektiv seg frå kvarandre berre i hannkjønn eintal. Enkelte substantiv, framfor alt geografiske omgrep som «by», «område» og så vidare, kan dessutan danne ein lokativ på -um i eintal, men denne er ikkje produktiv, og dei resulterande formene framstiller adverbiale bestemmingar. I nybabylonsk tid blir um-lokativet meir vanleg og erstattar i mange former konstruksjonar med preposisjonen ina.

I seinare utviklingsstadium av akkadisk har framfor alt den såkalla mimasjonen (endinga -m), som opptrer i dei fleste kasusendingane, forsvunne, bortsett frå i lokativ. Seinare fall eintal av substantiv i nominativ og akkusativ saman til -u. I nybabylonsk skjedde det ei lydendring som gjorde at korte vokalar i slutten av ord forsvann. Dermed forsvann forskjellen mellom kasus bortsett frå ved maskuline nomen i fleirtal. I mange tekstar skreiv ein likevel fortsatt kasusvokalene, men ikkje konsekvent og ofte feilaktig. Siden det viktigaste kontaktspråket på denne tida var arameisk, som også mangla kasusforskjellar, skuldast denne utviklinga kanskje ikkje berre fonologi.

Status endre

Det akkadiske substantivet kan ha tre forskjellige status. Dei uttrykker det syntaktiske tilhøvet substantivet har til andre satsdelar. Status rectus (styrt status) er grunnforma. Status absolutus (absolutt status) blir nytta når substantivet i ein nominalsats (til dømes A er ein B) blir bruka som predikat.

(1) Awīl-um šū šarrāq.
Mann – nom. han tjuv (status abs.)
«Denne mannen er ein tjuv.»

Viss eit substantiv blir fylgt av eit possessivsuffiks eller eit substantiv i genitiv, må det stå i status constructus, som ofte, på same måte som status absolutus, blir markert ved bortfall av kasussuffikset.

(2) mār-šu
son (st.constr.) - 3.person.singular.maskulin.possessivpronomen
«hans son», «hans sons»
(3) mār šarr-im
sønn (st.constr.) konge – genitiv.singular
«kongens son»

Ei genitivsambinding kan også bli markert med partikkelen ša. Substantivet som genitivfrasen er avhengig av, står da i status rectus. Den same partikkelen blir også bruka til tilknyting av relativsatsar.

(4) mār-um ša šarr-im
son - nominativ.singular attributt konge – genitiv.singular
«kongens son»
(5) awīl-um ša māt-am i-kšud-Ø-u
mann - nominativ.singular attributt land – akkusativ.singular 3.person – erobre (preteritum) – singular.mask. – subordinativ
«mannen som erobra landet»

Verbmorfologi endre

Hos verba skil ein mellom fire stammar. Grunnstammen (g-stammen) er den ikkje-avleidde forma. Med doblingsstammen (d-stammen) blir det danna applikativ-, kausativ- eller intensivformer. Han får nemninga si frå fordoblinga av den midterste radikalen, som er typisk for d-former. Den same fordoblinga opptrer også i presens av dei øvrige stammeformene. Š-stammen (stammedanningselement š-) blir bruka for kausativ. I d- og š-stammane endrar bøyingsendinga vokalen sin til /u/. N-stammen uttrykkjer passiv form. Stammedanningselementet n- blir dermed assimilert til den fylgjande fyrste konsonanten i rota, som så blir forlenga (jf. døme 9 i den fylgjande tabellen). I visse former står det likevel ikkje rett før konsonanten, noko som fører til at den opphavlege forma /n/ blir behalden (jf. døme 15).

Kvar av dei fire stammane kan ved sida av den normale bruken danne ein refleksiv- og ein iterativstamme. Refleksivstammane bli danna med eit infiks -ta-. Derfor blir dei au kalla gt-, dt-, št- respektive nt-stamme. nt-stammen blir berre danna av nokre veldig få verb. For iterativstammane blir eit infiks bruka, -tan-, men dette er berre merkbart i presens. Dei andre tidsformene og avleiingane av dei såkalla tan-stammane gtn, dtn, Štn og ntn høyrest ut som dei tilsvarande formene av refleksivstammane.

Av mange verb kan det på denne måten teoretisk sett bli danna mange tusen former. Denne særs omfangsrike verbmorfologien er eit av dei særlege kjenneteikna til dei semittiske språka. Fylgjande tabell viser eit lite utsnitt av mangfaldet av former av rota PRS (avgjera/bestemme).

Nr. Form Analyse/Stamme (G, D, Š, N) Omsetting
1 i-PaRRaS-Ø 3.person-presens.G-singular.mask. han avgjer
2 i-PaRRaS-Ø-u 3.person-presens.G-singular.mask.-subordinativ at han avgjer
3 i-PRuS-Ø 3.person-preteritum.G-singular.mask. han avgjorde
4 i-PtaRaS-Ø 3.person-perfektum.G-singular.mask. han har avgjort
5 i-PtaRRaS-Ø 3.person-refleksiv.G-singular.mask. han avgjer seg
6 i-PtanaRRaS-Ø 3.person-iterativ.G-singular.mask. han avgjer framleis
7 u-PaRRiS-Ø 3.person-preteritum.D-singular.mask. han avgjorde til slutt
8 u-šaPRiS-Ø 3.person-preteritum.Š-singular.mask. han lét avgjere
9 i-PPaRiS-Ø 3.person-preteritum.N-singular.mask. han skulle avgjere
10 PuRuS imperativ.G-2.person.singular.mask. avgjer!
11 PāRiS-um partisipp.G-nominativ.singular.mask. avgjerande
12 PaRiS-Ø stativ.G-3.person.singular.mask. han er avgjort
13 PaRS-um verbaladjektiv.G-nominativ.singular.mask. avgjort
14 PaRāS-um infinitiv.G-nominativ.singular.mask. avgjere
15 naPRuS-um infinitiv.N-nominativ.singular.mask. bli avgjort
16 ta-PaRRaS-ī-niš-šunūti 2.person-presens.G-sg.fem.-ventiv-3.pers.plural.akkusativ du (fem.) avgjer dei for meg

Ei finitt verbform i akkadisk inneheld obligatorisk kongruens med subjektet til satsen. Dette blir alltid realisert ved hjelp av eit prefiks, i nokre former også med eit suffiks. Som nemnt, skil G- og N-stammenes prefiks seg frå prefiksa til D- og Š-stammane gjennom vokalen sin.

I den fylgjande tabellen blir dei enkelte kongruensformene av verbet PRS (avgjera) framstilt i preteritum av dei fire stammane (for omsetting, sjå tabellen ovanfor). Som ein ser, skil dei to grammatiske kjønna seg frå kvarandre berre i 2. person eintal og 3. person fleirtal.

Person/Numerus/Genus G-stamme D-stamme Š-stamme N-stamme
1. person singular a-prus-Ø u-parris-Ø u-šapris-Ø a-pparis-Ø
1. person plural ni-prus-Ø nu-parris-Ø nu-šapris-Ø ni-pparis-Ø
2. person singular mask. ta-prus-Ø tu-parris-Ø tu-šapris-Ø ta-pparis-Ø
2. person singular fem. ta-prus-ī tu-parris-ī tu-šapris-ī ta-ppars-ī
2. person plural ta-prus-ā tu-parris-ā tu-šapris-ā ta-ppars-ā
3. person singular i-prus-Ø u-parris-Ø u-šapris-Ø i-pparis-Ø
3. person plural mask. i-prus-ū u-parris-ū u-šapris-ū i-ppars-ū
3. person plural fem. i-prus-ā u-parris-ā u-šapris-ā i-ppars-ā

Forutan subjektskongruensen kan opp til to pronominale suffiks henge seg på verbet, som da markerer det direkte og indirekte objektet. Desse pronominalsuffiksa er like for alle verbstammar. Til forskjell frå ved kongruensmorfema skil dei to grammatiske kjønna i 2. og 3. person seg frå kvarandre i eintal og fleirtal. Sidan både direkte og indirekte objekt blir markerte pronominalt, står det indirekte objektet (dativ) før det direkte (akkusativ). Suffikset for det indirekte objektet for 1. person eintal («meg», «til meg») svarar til ventiv-suffikset. -am blir brukt når subjektkongruensen opptrer utan suffiks, -m etter suffikset og -nim etter suffiksa og . Ventiv-suffikset opptrer ofte saman med andre dativ-suffiks eller med suffikset for 1. person eintal akkusativ.

Den fylgjande tabellen inneheld objektsuffiksets former, slik som dei skulle ha blitt bruka i gammalbabylonsk:

Person/Numerus/Genus Direkte objekt
(Akkusativ)
Indirekte objekt
(Dativ)
1. person singular -ni -am/-m/-nim
1. person plural -niʾāti -niʾāšim
2. person singular mask. -ka -kum
2. person singular fem. -ki -kim
2. person plural mask. -kunūti -kunūšim
2. person plural fem. -kināti -kināšim
3. person singular mask. -šu -šum
3. person singular fem. -ši -šim
3. person plural mask. -šunūti -šunūšim
3. person plural fem. -šināti -šināšim

Dativsuffiksets -m blei assimilert til den etterfylgjande konsonanten, jf. døme 7 nedanfor. Dei fylgjande eksempla illustrerer bruken av dei beskrivne morfema.

(6) i-bat-Ø-kunūti
3.person - preteritum.gripe - singular.mask. (subjekt) - 2.person.plural.mask.akkusativ
'han/ho/den/det greip dykk'
(7) i-šruq-ū-nik-kuš-šu
<*i-šruq-ū-nim-kum-šu
3.person - preteritum.stele - ventiv - 2.person.singular.mask.dativ - 3.person.singular.mask.akkusativ
'dei stal det frå deg'

Stativ endre

Ei veldig frekvent form, som kan bli danna både av substantiv, adjektiv og verbaladjektiv, er stativ. Tilføydd til substantiv med predikativ funksjon (i status absolutus) svarar denne forma til verbet «å vera» på norsk. Sett saman med eit adjektiv eller verbaladjektiv uttrykker ho ein tilstand. Tilsvarande funksjon som stativ har pseudopartisipp i egyptisk. Den fylgjande tabellen inneheld dei enkelte formene for substantivet šarrum (konge), adjektivet rapšum (brei) og verbaladjektivet parsum (avgjort).

Person/Numerus/Genus šarrum rapšum parsum
1. person singular šarr-āku rapš-āku pars-āku
1. person plural šarr-ānu rapš-ānu pars-ānu
2. person singular mask. šarr-āta rapš-āta pars-āta
2. person singular fem. šarr-āti rapš-āti pars-āti
2. person plural mask. šarr-ātunu rapš-ātunu pars-ātunu
2. person plural fem. šarr-ātina rapš-ātina pars-ātina
3. person singular mask. šar-Ø rapaš-Ø paris-Ø
3. person singular fem. šarr-at rapš-at pars-at
3. person plural mask. šarr-ū rapš-ū pars-ū
3. person plural fem. šarr-ā rapš-ā pars-ā

I tillegg kan šarr-āta tyde både «du var konge», «du er konge» og «du kjem til å bli konge». Stativ er altså uavhengig av tidsformer.

Orddanning endre

I tillegg til den allereie nemnde moglegheita for avleiing av ulike verbstammar, har akkadisk talrike nominaldanningar frå verbrøtene. Ei veldig vanleg nominalisering er den såkalla ma-PRaS-forma. Ho kan uttrykke staden for ei hending, personen som gjer handlinga, og fleire andre ting. Viss ein av rotkonsonantane (radikalane) er ein labial lyd, blir prefikset til na-. Eksempel på dette er: maškanum (stad, plass) av ŠKN (setta, legge), mašraum (prakt) av ŠR (vera praktfull), maṣṣarum (vektar) av NṢR (vakte), naparum (sum) av PR (samanfatte).

Ei liknande danning er maPRaSt-forma. Dei substantiva som stammar frå denne nominaldanninga er grammatisk feminine. For danninga gjeld dei same reglane som for maPRaS-forma, til dømes maškattum (depositum) av ŠKN (setta, legge), narkabtum (vogn) av RKB (ri, køyre).

For avleiing av abstrakte substantiv har ein suffikset -ūt. Dei substantiva som blir danna med dette suffikset er også grammatisk feminine. Suffikset kan bli føydd til både substantiv, adjektiv og verb, til dømes abūtum (farskap) av abum (far), rabûtum (storheit) av rabûm (stor), waūtum (som går vekk) av WJ (dra vekk).

Også avleiingar av verb frå substantiv, adjektiv og talord er det mange av. For det meste blir det danna ein d-stamme frå rota til substantivet eller adjektivet, som da har tydinga «bli X» eller «gjera noko til X», til dømes duššûm (la spire) frå dišu (gras), šullušum (gjera noko for tredje gong) frå šalāš (tre).

Preposisjonar endre

Akkadisk har preposisjonar som består av eitt enkelt ord (til dømes ina (i, på, gjennom, under), ana (til, for, mot), adi (til), aššu (på grunn av), eli (på, over), ištu/ultu (frå, sidan), mala (ifylgje), itti (med, hos)). I tillegg finst det også nokre preposisjonar som er sett saman med ina og ana (til dømes ina maar (framfor), ina balu (utan), ana ēr (fram til), ana maar (foran). Uavhengig av kompleksiteten styrar alle preposisjonane genitiv.

Eksempel: ina bītim (i huset, frå huset), ana ... dummuqim (for å gjera … god), itti šarrim (hos kongen), ana ēr mārīšu (til sin son).

Talord endre

Sidan tal vanlegvis blir skrivne som talteikn i kileskrift, er uttalen av mange talord enda ikkje avklart. I kombinasjonen med noko som blir talt står grunntala i status absolutus. Sidan andre tilfelle er veldig sjeldne, er formene av status rectus berre kjent for isolerte talord. Talorda 1 og 2, og også 21-29, 31-39, 41-49 og så vidare kongruerer med det talte i grammatisk kjønn. Talorda 3-20, 30, 40 og 50 viser ein genuspolaritet. Det vil seie at framfor maskuline substantiv står den feminine forma av talordet, og motsett. Denne polariteten er typisk for dei semittiske språka, og opptrer til dømes også i klassisk arabisk. Talorda 60, 100 og 1000 er like i begge kjønn. Med talorda frå og med to står det som blir talt i fleirtal. Ved kroppsdelar som opptrer i par kan ein legge merke til ei dualisform, som likevel ikkje lenger kan dannast produktivt, til dømes šepum (fot) blir šepān (to føter).

Ordenstala blir med få unntak danna ved tilføying av ei kasusending til nominalforma PaRuS, der P, R og S må bli erstatta av talordets tilsvarande konsonant. Spesielt iaugefallande er det når ordenstalet og grunntalet er like. Ved fire skjer det ein metatese (lydombyting). Fylgjande tabell inneheld dei maskuline og feminine formene av status absolutus av nokre akkadiske grunntal saman med dei tilsvarande ordenstala.

Tal maskuline
grunntal
feminine
grunntal
Grunntalets
kongruensforhold
maskuline
ordenstal
feminine
ordenstal
1 ištēn išteʾat,
ištāt
kongruens ištēn išteʾat
2 šinā šittā kongruens šanûm šanītum
3 šalāš šalāšat polaritet šalšum šaluštum
4 erbē erbēt polaritet rebûm rebūtum
5 amiš amšat polaritet amšum amuštum
6 šediš šiššet polaritet šeššum šeduštum
7 sebē šebēt polaritet sebûm sebūtum
8 samānē samānat polaritet samnum,
samnûm
samuntum
9 tešē tišīt polaritet tišûm,
tešûm
tišūtum,
tešūtum
10 ešer ešeret polaritet ešrum ešurtum
60 šūš ingen kjønnsforskjell ikkje belagt
100 meʾat, mât ingen kjønnsforskjell ikkje stadfesta
1000 līm ingen kjønnsforskjell ikkje belagt

Eksempel: erbē aššātum (fire kvinner) (maskulint talord!), meʾat ālānū (eitt hundre stader).

Syntaks endre

Nominalfrasar endre

Med unntak av talorda, står alle determinativa som blir føydde til eit substantiv etter dette substantivet. Det gjeld både adjektiv, relativsetningar og apposisjonar. Talord står derimot framfor substantivet. I fylgjande tabell blir nominalfrasen analysert erbēt šarrū dannūtum ša ālam īpušū abūja (dei fire sterke kongane, som har bygd byen, mine fedrar).

Ord Analyse Del av nominalfrasen
erbēt fire-femininum (genuspolaritet!) talord
šarr-ū konge-nominativ.plural substantiv
(frasens hovudord)
dann-ūtum sterk-nominativ.plural.maskulinum adjektiv
ša attributtmarkør relativsetning
āl-am by-akkusativ.singular
īpuš-ū 3.person.bygge-plural.maskulinum
ab-ū-ja far-plural.maskulinum-1.person.possessivpronomen apposisjon

Satssyntaks endre

Den mest vanlege ordstillinga i akkadisk er subjekt-objekt-verb. Denne sluttplasseringa av verbet, som er uvanleg i semittiske språk, er eit bevis på den århundrelange språkkontakten med sumerisk, som også har denne ordstillinga. Det finst likevel også andre ordstillingar i akkadisk, framfor alt i litterære tekstar. Særleg kiasmer, det vil seie omvendingar av satsstrukturen, finn ein veldig ofte. Eit døme frå Leirsylinderen frå Nabonid (2:20-2:21) viser dette:

nīq tašrit-i ebb-i maar-šunu aqqi-ma ušamir kadrā-ja
offer (st.konstr.) prakt-genitiv rein-genitiv framfor dykk ofra eg og eg lét ta imot helsingsgåva mi.akkusativ
objekt oppgjeving av tilstand verbform verbform objekt
fyrste sats andre sats
«Eit offer av rein prakt ofra eg framfor dykk og lét (dykk) ta imot helsingsgåva mi.»

Verbformer i leddsetningar som blir innleidde med ein konjunksjon, ber subordinativ-suffikset -u, som fell bort når eit anna suffiks som begynner med ein vokal blir lagt til. Den einaste konjunksjonen som alltid opptrer utan subordinativ i verbforma er šumma (viss, om). Grunnen til dette er ein enda ikkje sikker på. Nokre andre konjunksjonar er ša (for relativsetningar), kī(ma) (at, slik at, alt etter som, så snart, slik som), ūm (da, så snart, mens), adi (så lenge til), aššum (mens).

I nominalsetningar blir det ikkje bruka noko kopulativt verb i akkadisk, det vil seie verb som det norske «vera». I staden for dette står det predikativt bruka substantivet eller adjektivet i stativ, som til dømes i Awīlum šū šarrāq. («denne mannen er ein tjuv»).

Ordforråd endre

På grunn av den intensive språkkontakten fyrst med sumerisk og seinare med arameisk, består det akkadiske ordforrådet av eit stort tal lånord frå desse språka. Dei arameiske lånorda var dei fyrste hundreåra i det fyrste tusenenåret før Kristus hovudsakleg avgrensa til Nord- og Mellom-Mesopotamia, mens dei sumeriske lånorda var utbreidde i heile språkområdet. I tillegg til orda frå dei nemnte språka, blei enkelte substantiv innanfor områda riding og hushald lånte inn frå hurrittisk og kassittisk. Nokre få lånord stammar frå ugarittisk.

På grunn av ordstillinga, som var veldig forskjellig frå ikkje-semittiske språk, var det ikkje mogleg for akkadarane å overta sumeriske eller hurrittiske verb i den semittiske rotbøyinga. På grunn av dette blei berre substantiv og enkelte adjektiv lånte inn frå desse språka. Sidan derimot arameisk og ugarittisk er semittiske språk, og dermed har rotbøying, kunne akkadisk overta enkelte verb og også mange substantiv frå desse språka.

Tabellen under inneheld eksempel på låneord i akkadisk.

Akkadisk Omsetting Opphav Ord i
opphavsspråket
ås sumerisk du6
erēqu fly arameisk rot ʿRQ
gadalû kledd i lin sumerisk gada lá
abad(u) ein vogndel kassitisk abad
isinnu fest sumerisk ezen
kasulatu ein reiskap av kopar hurrittisk kasulat-
kisallu gard sumerisk kisal
laqāu ta ugarittisk rot LQH
paraššannu del av seletøyet til ein hest hurrittisk paraššann-
purkullu steinskreddar sumerisk bur-gul
qaālu drepa arameisk rot QL
uriullu konvensjonalstraff hurrittisk uriull-

Men også akkadisk var kjelde for lånord, framfor alt til sumerisk. Nokre eksempel er: sumerisk da-rí (varig, frå akkadisk dāru), sumerisk ra-gaba (ridande, bodberar, frå akkadisk rākibu).

Dømetekst endre

Den fylgjande vesle teksten er paragraf 7 i lovane til Hammurabi, som blei skrivne rundt 1700-talet f.Kr. Forkortingane st.cs. og st.abs. står for høvesvis "status constructus" og "status absolutus".

šumma awīl-um kasp-am urā-am ward-am amt-am
om medborgar-nominativ anten sylv-akkusativ eller gull-akkusativ eller slave-akkusativ eller slavinne-akkusativ
 
alp-am immer-am imēr-am ū lū mimma šumšu ina
eller storfe-akkusativ eller får-akkusativ eller esel-akkusativ eller dock nokre ting frå
 
qāt mār awīl-im ū lū warad awīl-im balum šīb-ī u
hand (st.cs.) son (st.cs.) medborgar-genitiv eller lell slave (st.cs.) medborgar-genitiv utan vitne-plural. oblik og
 
riks-ātim i-štâm-Ø ū lū ana maṣṣārūt-im i-mur-Ø
einighet-plural. oblik 3.person-kjøpe. perfektum-singular eller lell til forvaring-genitiv 3.person-motta. preteritum-singular
 
awīl-um šū šarrāq i-ddâk
medborgar-nominativ denne tjuv (st.abs.) 3.person-drepe. passiv. presens-singular

Omsetting: «Viss ein medborgar ut av handa på ein annan medborgar eller ein slave til ein medborgar utan vitne eller semje kjøper eller tar i forvaring sylv, gull, ein slave, ei slavinne, eit storfe, eit får, eit esel eller noko som helst anna, er denne medborgaren ein tjuv og blir drepen.»

Akkadisk litteratur endre

Litteratur endre

Allmenne beskrivingar og grammatikkar endre

  • Wolfram von Soden: Grundriß der Akkadischen Grammatik. Analecta Orientalia. Bd 33. Rom 1995. ISBN 88-7653-258-7
  • Michael P. Streck: Sprachen des Alten Orients. Wiss. Buchges., Darmstadt 2005. ISBN 3-534-17996-X
  • Arthur Ungnad: Grammatik des Akkadischen. Neubearbeitung durch L. Matouš, München 1969, 1979 (5. opplag). ISBN 3-406-02890-X

Lærebøker endre

  • Rykle Borger: Babylonisch-assyrische Lesestücke. Rom 1963.
    • Teil I: Elemente der Grammatik und der Schrift. Übungsbeispiele. Glossar.
    • Teil II: Die Texte in Umschrift.
    • Teil III: Kommentar. Die Texte in Keilschrift.
  • Richard Caplice: Introduction to Akkadian. Biblical Institute Press, Rome 1988, 2002 (4.oppl.). ISBN 88-7653-566-7
  • Kaspar K. Riemschneider: Lehrbuch des Akkadischen. Enzyklopädie, Leipzig 1969, Langenscheidt Verl. Enzyklopädie, Leipzig 1992 (6. oppl.). ISBN 3-324-00364-4

Ordbøker endre

  • Jeremy G. Black, Andrew George, Nicholas Postgate: A Concise Dictionary of Akkadian. Harrassowitz-Verlag, Wiesbaden 2000. ISBN 3-447-04264-8
  • Wolfram von Soden: Akkadisches Handwörterbuch. 3 Bde. Wiesbaden 1958-1981. ISBN 3-447-02187-X

Teiknlister endre

  • Rykle Borger: Mesopotamisches Zeichenlexikon. Alter Orient und Altes Testament (AOAT). Bd 305. Ugarit-Verlag, Münster 2004. ISBN 3-927120-82-0
  • René Labat: Manuel d'Épigraphie Akkadienne. Paul Geuthner, Paris 1976, 1995 (6.oppl.). ISBN 2-7053-3583-8

Faglitteratur om spesifikke emne endre

  • Ignace J. Gelb: Old Akkadian Writing and Grammar. Materials for the Assyrian dictionary. Bd 2. University of Chicago Press, Chicago 1952, 1961, 1973. ISBN 0-226-62304-1 ISSN 0076-518X
  • Markus Hilgert: Akkadisch in der Ur III-Zeit. Rhema-Verlag, Münster 2002. ISBN 3-930454-32-7
  • Walter Sommerfeld: Bemerkungen zur Dialektgliederung Altakkadisch, Assyrisch und Babylonisch. In: Alter Orient und Altes Testament (AOAT). Ugarit-Verlag, Münster 274.2003. ISSN 0931-4296

Bakgrunnsstoff endre