Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 37, 2010
Forslag 1 : Yasir Arafat (1929 - 2004) var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA), og kjempa for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære, politiske partiet Fatah, som han danna i 1959. Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN.
I Israel og i Vesten såg mange på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile på 70- og 80-talet. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynskja deira.
Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, og i 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo.
- Dette er den 5te lengste artikkelen på Nynorsk wikipedia og aktuell igjen no med oppstarten av nye forhandlingar mellom Palestinarane og Israel. Hogne 3. september 2010 kl. 23:50 (CEST)