Shimon Peres (1. august 192328. september 2016) var ein israelsk politikar som har fått Nobels fredspris. Han var president i Israel frå 15. juli 2007 til 2014. Peres blei fødd som Shimon Perski i Wiszniew i dåverande Polen (no Visjniev i Kviterussland). Familien flytta til Tel Aviv i Israel i 1934. Han gifta seg med Sonya Gelman og dei har tre ungar. Peres er søskenbarn til skodespelaren Lauren Bacall (fødd Betty Joan Perske).

Shimon Peres
Shimon Peres by David Shankbone.jpg
Føddשִׁמְעוֹן פֶּ
1. august 1923
Višnieva
Død28. september 2016
Chaim Sheba medisinske senter
Statsborgar avIsrael
PartiKadima, Det israelske arbeidarpartiet, Rafi, Mapai
Yrkepolitikar, skribent, lyrikar
InstitusjonarMossad
Utdanna vedNew York University
Harvard University
New School for Social Research
FarYitzhak Perski
EktefelleSonia Peres
BarnTsvia Walden, Yoni Peres, Hemi Peres
VervPresident i Israel 2007-2014
FøregangarMoshe Katsav
VervStatsminister i Israel 1984-1986
FøregangarYitzhak Shamir
EtterfylgjarYitzhak Shamir
VervStatsminister i Israel 1995-1996
FøregangarYitzhak Rabin
EtterfylgjarBenjamin Netanyahu
VervPartileiar i Avoda 1995-1996
FøregangarYitzhak Rabin
EtterfylgjarEhud Barak
VervPartileiar i Avoda 2003-2005
FøregangarAmram Mitzna
EtterfylgjarAmir Peretz

Peres var sosialdemokrat, og langvarig medlem av det israelske arbeidarpartiet Avoda. Han gjekk i årsskiftet 2005–2006 ut av arbeidarpartiet og over til det nye sentrumspartiet Kadima. Han var israelsk statsminister frå 1984 til 1986 og igjen frå 1995 til 1996 etter mordet på Yitzhak Rabin. Han har òg vore visestatsminster, utanriksminister i fleire periodar og ein av 25 visepresidentar for Sosialistinternasjonalen. Peres var presidentkandidat i 2000, men tapte då for Moshe Katsav.

Peres fekk Nobels fredspris i 1994, saman med Yassir Arafat og Yitzhak Rabin for «arbeidet deira med å skape fred i Midtausten».[1] I 1997 grunnla han Peres fredssenter.

KjelderEndra

  1. «[…] for their efforts to create peace in the Middle East» – «The Nobel Peace Prize 1994» på Nobelprice.org

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Shimon Peres