Geografi

Geografi er vitskapen om korleis jorda si ytre ser ut, forklarar kvifor den ser ut som den gjer, og setter dette i relasjon til korleis menneskas aktivitet påverkar og vert påverka av jorda. Ordet geografi kjem frå gresk γη (ge) eller γεια (geia) som tyder «jord» og «jordmonn» og γραφειν (grafein), med betydninga «å skrive» eller «å beskrive».

Det store begrepet geografi omfattar mykje meir enn begrepet kartografi, som ofte feilaktig vert jamsteld med geografi. Ein kan dele Geografi inn i to undergreiner, naturgeografi og samfunnsgeografi. Begge greinene er tverrvitskaplege, med innslag av for eksempel hydrologi, geologi, klimatologi, sosiologi og matematikk.