Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Fyr

Fyr endre

Kommentarar endre

God og utførleg, mykje blått og mange fine bilete. --EIRIK\diskusjon 22:43, 10 januar 2008 (CET)

Eg synest "ubetente" høyrest merkeleg ut på nynorsk. Det får meg til å tenkja at her er det snakk om fyr som ikkje har betennelse, og det gjeld vel dei fleste fyr. Det ser ut til at det står att nokre få uturvande anbeheitelsar og andre språklege feil og nesten-feil her som truleg har ein viss samanheng med at artikkelen er omsett frå bokmål. Då synest eg at orda bør endrast eller setningane bør skrivast om slik at dei kling godt i anti-anbeheitelseøyro mine. I tillegg bør det stå nedst i artikkelen at han kom frå nb:, synest eg. Har ikkje tid til å lesa gjennom alt eller endra noko no, men ved første augnekast ser det veldig bra ut, bortsett ifrå at eg synest det trengst enno ein øyrliten språkvask. --Tannkrem 23:13, 10 januar 2008 (CET)
Eg likte godt artikkelen, men saknar litt meir om ulike energikjelder. Mellom anna meiner eg det burde vore litt om fyr drivne med kjernekraft, noko som er vanleg i det største nabolandet vårt. Ei setning eller to om modern efyr i utlandet ville og gjort artikkelen betre. stykkjet 23:20, 10 januar 2008 (CET)
Opphavet til ordet. Engelsk skriv at fyr på svensk, som eg vil tru er same ordet som på norsk kjem frå øya Faro. Det motsette står her utan kjelde. Nynorskordboka skriv: II fyr m1 (norr fýrr; frå lty; sm o s ty. Feuer, eng. fire). Eg veit ikkje kva som er rett, men engelsk viser til ei kjelde, det gjer ikkje vi. stykkjet 23:27, 10 januar 2008 (CET)
Denne referansen i ordboka gjeld eit anna ord. Under dette ordet står det ikkje kva opphavet er: III fyr m1 el. n1 (anlegg med) fast lys til rettleiing for trafikk, særleg til sjøs blinkf- / trafikkf- / Lista f- Dette må nokon undersøkja nærare og finna ei kjelda for, anten me konkluderer med at en: eller nb: har rett. --Tannkrem 07:31, 11 januar 2008 (CET)
Så to kommentarar til:
  • Eg synest denne artikkelen har overvekt av lokal i staden for global vinkling, noko stykkjet og er inne på. Dette er ikkje i tråd med krava til gode artiklar på nn:. Og det er etter mi meining unødvendig å ha så mykje om norske fyr og norsk fyrhistorie her så lenge me også har ein utfyllande artikkel om norske fyr. Så eg er sterkt i tvil om denne artikkelen oppfyller våre krav. (Global vinkling er ikkje eitt av krava til utmerkede artikler på nb:)
  • Sitata må vera sitat, altså skal dei ikkje setjast om eller skrivast om. --Tannkrem 08:57, 11 januar 2008 (CET)

Som den fyrnasjonen me er syns eg me burde nytta bilete av eit dei flotte norske fyra øvst på sida, utan at det gjer artikkelen for noregsfokusert og sjølv om bilete frå Estlandt var fint i seg sjølv. --Frokor 00:03, 11 januar 2008 (CET)

No har eg skrive om/endra slik at anbeheitelsen er forsvunnen. Sjå gjerne over og skriv det om på andre/betre måtar. I tillegg har eg fått bilete frå Noreg øvst, og fjerna nokre av avsnitta som allereie ligg på «Fyr i Noreg». Stykkjet: Veit du noko om fyr drivne med kjernekraft? I tilfelle ville det sjølvsagt vore fint og fått med. Utanom det er vel dei fleste energikjeldene no nemnde? --EIRIK\diskusjon 15:42, 13 januar 2008 (CET)

Kom med meir å rette på! :-) --EIRIK\diskusjon 21:47, 15 januar 2008 (CET)

Eg er litt utlada etter mykje tysk, i morgon kanskje? --Ekko 21:55, 15 januar 2008 (CET)

Røysting endre

  •   For. --EIRIK\diskusjon 22:43, 10 januar 2008 (CET)
  •   For. Men eg skulle gjerne hatt ei grunngjeving for kvifor me har med opplysninga «Mummipappa drar til dømes med familien sin til eit fyr i Tove Jansson si bok Mummipappaen og havet». --Tannkrem 00:46, 5 februar 2008 (CET)
  •   For. Veldig god og interessant artikkel. --Cato 20:03, 7 februar 2008 (CET)
  •   For. Mange bilete og god tekst. --Otzi123 21:10, 7 februar 2008 (CET)