Ein peikar eller lenkjeWikipedia er eit ord eller symbol ein kan trykka på og så bli teken til ei anna side enn den ein les. Den vanlegaste og lettaste måten å laga peikarar på er gjennom tekst, noko ein kan gjera ved å ramma inn eitt eller fleire ord med to hakeparentesar ([[ ]]), eller klikka på peikarsymbolet Button link.png medan teksten ein vil bruka til å peika er markert. Ein kan laga meir innvikla peikarar med mellom anna kolon (:) og bar (|).

Bilete kan også vera peikarar; som regel til ei informasjonsside for biletfila. For meir om bilete, lyd og video, sjå Wikipedia:Multimedia.

OversynEndra

Dette er eit oversyn over peikartypar på Wikipedia, med dei enklaste først.

Type Ser ut som: Laga slik:
Peikar til ein annan artikkel på Nynorsk Wikipedia

Kveite er eit kornslag.

[[Kveite]] er eit kornslag.
Same tekst blir synt fram, men peikaren går til ein annan artikkel.

Kveite er eit fiskeslag.

[[Fisken kveite|Kveite]] er eit fiskeslag.
Endingar blir automatisk synt som ei del av peikaren.

Av kornet lagar ein ulike kornprodukt.

Av kornet lagar ein ulike [[korn]]produkt.
Peikar til eit anna namnerom Wikipedia:Samfunnshuset
[[Wikipedia:Samfunnshuset]]
Peikar til ein kategori: Legg inn kolon like etter hakeparentesen for ikkje å legga inn sida du skriv på i kategorien.

Kategori:Wikipedia

[[:Kategori:Wikipedia]]
Peikar til ein viss del, under ei namngjeven overskrift, av ei side.

Kveite#Klassifisering peiker til ein del i ein artikkel

#Oversyn viser til ein del under ei viss overskrift på denne sida.

[[Kveite#Klassifisering]] 

[[#Oversyn]] 
Omdirigering av eit oppslagsord til ein artikkel som ligg under eit anna namn.
  1. OMDIRIGER Fiskeslaget kveite
#OMDIRIGER [[Fiskeslaget kveite]]
«Interwiki», peikar til ei side med same emne på eit anna språk, gjer ein ved Å setja språkkoden framfor kolon først i parentesen. Dette vil gje ein peikar som viser fram namnet på språket, som regel i margen til venstre. Vil du ha ein peikar i teksten, set du eit anna kolon framfor språkkoden igjen.

[[språkkode:Tittel]]

en:Wheat er ein fin artikkel.

[[en:Wheat]]

[[:en:Wheat]] er ein fin artikkel.
Spesialsider, som Lenkjer hit og Siste endringar, kan ein peika til slik:

Spesial:Whatlinkshere/Wikipedia:Peikarar

Siste endringar

[[Spesial:Whatlinkshere/Wikipedia:Peikarar]]

[[Spesial:Recentchanges|Siste endringar]]
For å visa til ei nettside utanfor Wikipedia, kan du:
  1. Oppgje URL direkte (ser ofte rotete ut)
  2. Laga peikar utan namn ved å skriva han mellom enkle hakeparentesar (er forvirrande).
  3. Laga peikar med namn ved å skriva namnet etter eit mellomrom innanfor parentesane (som regel best).
  1. http://www.nupedia.com/
  2. [1]
  3. Nupedia
http://www.nupedia.com/ 
[http://www.nupedia.com/] 
[http://www.nupedia.com Nupedia]