Wikipedia:Språkhjelp
Bokmåls- og nynorskordboka
endreBokmålsordboka og Nynorskordboka har ei vevteneste gratis tilgjengeleg på Internett. Denne er veldig nyttig til å sjekke språk, finna alternative ord og så bortetter. I tilleg til å gå inn på adressa over er det fleire andre måtar ein kan søka i ordboka på, særleg om ein brukar frie nettlesarar som til dømes Mozilla Firefox.
Aktivt bokmerke
endreMed Firefox (og truleg andre Mozilla-nettlesarar òg) kan ein oppretta bokmerke som blir direkte tilgjengelege med eit stikkord i adresselina åt nettlesaren. Ein kan då slå opp i ordboka ved å skriva «ordbok ordsomegvilvitameirom» i adresselina åt nettlesaren. Slik gjer du for å oppretta eit slikt bokmerke, instruksjonane er tilpassa engelsk versjon av Mozilla Firefox 1.0.7:
- Opne denne peikaren i nettlesaren.
- Legg til bokmerke for sida ved å gå til menyen «Bookmarks» > «Bookmark this page»: I feltet for «Name:» skriv du inn eit namn på bokmerket, til dømes «Bokmåls- og nynorskordboka», under «Create in» vel du kvar bokmerket skal ligga, det enklaste er å velja rota, altså «Bookmarks». Så kan du trykka på «OK» for å lagra bokmerket.
- Gå til menyen «Bookmarks» > «Manage bookmarks»: finn bokmerket som du akkurat la til, høgreklikk på det og vel «Properties».
- I boksen for properties er det eit felt for «Keyword», i dette feltet skriv du inn det ordet du vil bruka når du skal søka i ordboka, til dømes «ordbok» som me har brukt over. Trykk på «OK». No skal du kunne bruka ordboka ved å skriva til dømes «ordbok hoppe» i adresselina åt nettlesaren din.
Alternativ: I dømet over har me brukt ei adresse som søker i både bokmåls- og nynorskordboka. Dersom du vil ha eit bokmerke berre for bokmålsordboka brukar du denne peikaren, dersom du vil ha eit bokmerke berre for nynorskordboka brukar du ord denne peikaren.
Ordbøkene som søkeval
endreNorsk versjon av Mozilla Firefox blir levert med «Ordbok» som eit eige søkeval i det innebygde søkefeltet, dette er eit søk i bokmåls- og nynorsordboka.
Dersom du har ein nettlesar som støttar slike søkeval kan du installere det herifrå, velg «Dokpro».