Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2022
Neville Chamberlain (1869–1940) var ein britisk politikar for Det konservative partiet og statsminister i Storbritannia frå 1937 til 1940.
Chamberlain var son av Joseph Chamberlain og bror av Austen Chamberlain, begge politikarar. Etter ei tid som forretningsmann gjekk han inn i lokalpolitikken i Birmingham, og følgde faren og broren som parlamentsmedlem i 1918, då han var 49 år gammal. Chamberlain tente som helseminister og finansminister før han etterfølgde Stanley Baldwin som statsminister i 1937. Tida hans som regjeringsleiar var prega av korleis ein skulle behandla eit aggressivt og ekspansivt Tyskland. For ettertida er han vorten kjend for ein ettergjevande politikk i høve til Adolf Hitler som han håpte kunne avverja ein ny storkrig. Storbritannia erklærte likevel krig mot Tyskland etter at landet invaderte Polen i 1939. Då dei allierte landa ikkje klarte å hindra Tyskland i å invadera Noreg i 1940 mista Chamberlain mykje støtte i parlamentet, og gjekk av til fordel for Winston Churchill. Han fortsette å sitja i regjering, men døydde av kreft seks månader etter avgangen Les meir …