Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2016
Stavkyrkje er ei kyrkje bygd av tre med berande stavar, og med veggar av ståande plankar eller bord, tillaga med øks. Det er to hovudtypar av dei eksisterande norske stavkyrkjene, mastestavkyrkjer og einskipa stavkyrkjer. Dei berande stavane, eller stolpane, i hjørna og under det heva midtrommet på mastestavkyrkjene, og i hjørna og eventuelt som mellomstolpar i veggene i dei einskipa stavkyrkjene, har gjeve namn til denne typen kyrkjer. Hjørnestavane dannar ei veggramme som vart fylt med ståande bord. I mellomalderen var det truleg omkring 1000 stavkyrkjer i Noreg, dei fleste av dei einskipa, men berre 271 steinkyrkjer. I dag står 28 av desse stavkyrkjene att. Alle er bygde av furu. Les meir …