Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2020
Andreas Thorkildsen er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar og spydkastar. Han er fødd og oppvaksen i Kristiansand og er son av Tomm Thorkildsen, som i si tid også var spydkastar med 71,64 meter frå 1974. Som tenåring sette Andreas Thorkildsen fleire rekordar for juniorar, mellom anna 83,87 meter i Bergen i 2001. Han har sidan 2001 budd i Oslo og arbeider i dag som trenar for toppidrettsutøvarar.
Thorkildsen var vunne åtte NM-gull og seks kongepokalar. Han blei olympisk meister i spydkast i OL i Athen 2004 og OL i Beijing 2008, siste gongen med ein olympisk rekord på 90,57 meter.
Thorkildsen er tildelt Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett i 2004 og Aftenpostens gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett 2008. I 2008 blei han kåra til årets friidrettsutøvar i Europa og til årets mannlige utøvar i Noreg på Idrettsgallaen. Les meir …