Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2015
Året utan sommar var 1816, då ein uvanleg kald sommar førte til at avlingane vart øydelagde i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada.
I mai 1816 tok frosten livet av dei fleste avlingane som hadde vorte sette i jorda. I juni råka to omfattande snøstormar Aust-Canada og New England, og mange miste som følgje av dette livet. Det vart målt nesten 30 cm snø i Quebec by tidleg i juni, og avlingane vart øydelagde. Det var hungersnaud i Europa og Amerika med omfattande feilernæring, svolt, epidemiar, og aukande dødelegheit.
Dei fleste forskarane meiner det klimatiske avviket kom av historisk låg solaktivitet i kombinasjon med fleire store vulkanutbrot frå Tambora i 1815, det største kjende utbrotet på over 1600 år. Les meir …