Året utan sommar

Året utan sommar var 1816, då ein uvanleg kald sommar førte til at avlingane vart øydelagde i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada.[1][2] Historikaren John D. Post har kalla dette «den siste store sjølvbergingskrisa i den vestlege verda».[3]

Utviklinga til den globale middeltemperaturen dei siste tusen åra. Ein kan sjå eit kraftig fall like etter 1800.

Dei fleste forskarane meiner det klimatiske avviket kom av historisk låg solaktivitet i kombinasjon med ein vulkanvinter. Vulkanvinteren kom av fleire store vulkanutbrot frå Tambora i 1815, det største kjende utbrotet på over 1600 år.

SkildringEndra

 
Skilnaden på sommartemperaturar i Europa i høve til normalen frå 1971-2000.

Dei uvanlege klimaavvika i 1816 hadde størst effekt i Nord-Europa, det nordaustlege USA og det austlege Canada. I desse områda er seinvåren og sommaren relativt stabile. Temperaturane stig og kjem sjeldan under 5 °C. Snø om sommaren er ekstremt sjeldan, sjølv om ein stundom kan ha noko snøfall i mai.

I mai 1816,[4] tok frosten livet av dei fleste avlingane som hadde vorte sette i jorda. I juni råka to omfattande snøstormar Aust-Canada og New England og mange miste som følgje av dette livet. Det vart målt nesten 30 cm snø i Quebec by tidleg i juni, og avlingane vart øydelagde. Resultatet var omfattande feilernæring, svolt, epidemiar, og aukande dødelegheit, kort sagt hungersnaud.

I juli og august var det is på elvar og innsjøar så langt sør som Pennsylvania. Kraftige og raske temperatursvingingar var vanlege, og stundom svinga temperaturane 35 °C til nær null i løpet av timar. Sjølv om bøndene sør for New England klarte å dyrke noko mais og korn, steig prisane dramatisk. Prisen på havre vart til dømes nesten 8 gonger høgare, og havre er nødvendig for ein økonomi der hestar er det viktigaste transportmiddelet.

I Kina tok det kalde vêret livet av tre, risavlingar og sjølv vassbøflar, særleg i Nord-Kina. Flaumar øydela mange av dei gjenverande avlingane. Tambora-utbrotet forstyrra monsunen i Kina, og førte til kraftige flaumar i Yangtzedalen i 1816. I India kom monsunen seinare enn vanleg og førte til kraftig regn som spreidde kolera frå eit område nær Ganges i Bengal og så langt som til Moskva.[5]

Effektane var omfattande og varte ut året og gjennom den påfølgjande vinteren. I det austlege Sveits var somrane i 1816 og 1817 så kjølige at det danna seg ei isdemning nedanfor Giétrobreen høgt i Val de Bagnes. Trass i forsøk på å drenere den veksande innsjøen bak demninga, kollapsa isdemninga med katastrofale følgjer i juni 1818.[6]

ÅrsakerEndra

Generelt meiner ein at årsaka til avvika kom av vulkanutbrotet til Tambora 5. til 15. april 1815.[7][8] Tambora ligg på øya Sumbawa i Indonesia (då ein del av Nederlandsk Austindia). Utbrotet hadde ein vulkaneksplosivitetsindeks på 7, som er eit kolossalt stort utbrot med store mengder vulkansk støv kasta opp i den øvre atmosfæren. Det var det største utbrotet sidan Hatepe-utbrotet om lag 1600 år tidlegare i 180 e.Kr. At utbrotet skjedde medan sola hadde uvanleg låg aktivitet, Dalton-minimumet, var truleg òg ei medverkande årsak.

Andre store vulkanutbrot (med vulkaneksplosivitetsindeks på minst 4) i same tidsrom er:

Desse andre utbrota hadde alt bygd opp store mengder atmosfærisk støv. Dei store mengdene atmosfærisk støv svekka solinnstrålinga i atmosfæren, og dermed fall temperaturen globalt.

EffektarEndra

På grunn av fleire påfølgjande vulkanutbrot hadde avlingane i dei nemnte områda vore dårlege i fleire år. Europa prøvde framleis å kome til hektene att etter napoleonskrigane og vart råka av matmangel. Mangelen på mat førte til opprør i Storbritannia og Frankrike, og kornlagra vart plyndra. Kraftige uvêr, uvanleg store nedbørsmengder med påfølgjande flaum i dei store elvane i Europa (inkludert Rhinen), har truleg òg opphav i vulkanvinteren. Det same var frosten som kom i august 1816. Ein stor tyfusepidemi råka Irland i perioden 1816-1819, framskunda av matmangelen under året utan sommar. Det er estimert at rundt 100 000 irar mista livet i denne perioden. Ein BBC-dokumentar om hendinga meinte at dødelegheita desse åra var det dobbelte av det som var vanleg på denne tida.

I USA meiner historikarar at året utan sommar førte til at mange flytta vestover og slo seg ned i det vestlege og sentrale New York og den amerikanske Midtvesten.

Kulturell innverknadEndra

 
Solnedgang i Hong Kong i 1992 etter utbrotet til Pinatubo.
 
Chichester Canal circa 1828 av J.M.W. Turner

Det høge oskenivået i atmosfæren førte til uvanleg spektakulære solnedgangar i denne perioden, noko som mange kunstnarar målte. Liknande fenomen skjedde etter Krakatoa-utbrotet i 1883 og i 1991 etter Pinatubo.

Mangelen på havre til å mate hestane med, kan ha inspirert den tyske oppfinnaren Karl Drais til å forske på nye hestelause transportmetodar og finne opp dresin og velosiped. Dette var føregjengaren til den moderne sykkelen og eit steg mot meir mekaniserte fargreier.[9]

Dei feila avlingane i året utan sommar, tvinga familien Joseph Smith til å flytte frå Sharon i Vermont til Palmyra i New York [10], noko som førte til ei rekkje hendingar som enda med at Mormonarboka vart gjeven ut og Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage vart oppretta.[11]

I juli 1816 førte kraftig nedbør til at Mary Shelley, John William Polidori og venene deira måtte halda seg innandørs det meste av ferien deira i Sveits. Dei valde då å halde ein konkurranse om kven som kunne skrive den skumlaste historia. Shelley byrja då på romanen Frankenstein og Polidori skreiv The Vampyre, eit av utgangspunkta for dei moderne vampyrane.[12] Året utan sommar inspirerte òg Lord Byron til å skrive Darkness i 1816.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Year Without a Summer» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • BBC Timewatch documentary: Year Without Summer, Cicada Films (BBC2, 27. mai 2005)
    • Willie Soon and Steven H.Yaskell:Year without a Summer, Vol. 32, # 3 May / June, Mercury (Astronomical Society of the Pacific) 2003
    • Hans-Erhard Lessing: Automobilitaet: Karl Drais und die unglaublichen Anfaenge, Leipzig 2003
    • Henry & Elizabeth Stommel: Volcano Weather: The Story of 1816, the Year without a Summer, Seven Seas Press, Newport RI 1983 ISBN 0-915160-71-4
    • The Story of the Year of Cold, by Dozier, Lou Zerr Press, 2009

BakgrunnsstoffEndra