Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 12, 2011
Den egyptiske revolusjonen var ein oppreist i Egypt i januar og februar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Det blei mobilisert til masseprotestar den 25. januar mot vanstyre, politivald og vanskelege levekår. Store mengder menneske demonstrerte, trass forsøk på å slå dei ned frå styresmaktene, og etterkvart byrja dei krevja avgangen til Mubarak og styret hans. 11. februar gjekk Hosni Mubarak av som president, og eit militært råd tok mellombels over makta i landet. 19. mars godkjende 77 % av røystarar ei grunnlovsendring som la avgrensingar på presidentembetet.
1. februar meldte SN sin høgkommissær for menneskerettar at cirka 300 menneske var kjend drepne under uroa så langt. Andre menneskerettsorganisasjonar har seinare kome med tal på over 680 døde. Meir enn 3 000 skal ha blitt skada og tusenvis arresterte. Les meir …