Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 16, 2006
Christofer Columbus (1451– 20. mai 1506) (spansk: Cristóbal Colón, italiensk: Cristoforo Colombo) var opphavleg ein italiensk oppdagar og handelsmann. I 1492 kryssa han Atlanterhavet frå Kanariøyane til Bahamas i Karibia. Han gjekk i land på ei av øyane den 12. oktober under kastiljansk flagg. Eigentleg gjorde han ein freistnad på å finne ein vestleg sjøveg frå Europa til Aust-Asia og India, av det kjem namnet «indianarar». Hendinga i 1492 sette ei skiljelinje i amerikansk historie. Ho markerer starten på europeisk kolonisering av Amerika, medan heile perioden før 1492 blir kalla førkolumbisk. Les meir...