Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 29, 2007

Gråkallbanen i Trondheim.

Ei sporvogn er skinnegåande kollektivtransport som køyrer blant annan trafikk i og mellom byar. Det finst reine motorvogner så vel som motorvogn med tilhengar. Moderne sporvogner er ofte leddvogner med eitt eller fleire ledd. Kraftkjelda er normalt elektromotorar som hentar straum frå leidningar hengde opp over vogna. Det finst også system som blir trekte av kabel i bakken (San Francisco) eller har diesel-/bensinmotorar; det siste gjerne i kombinasjon med elektromotorar — sokalla hybridbanar. Dei fyrste sporvognene blei trekte av hestar.

Den fyrste sporvognlina i verda blei starta i Baltimore i Maryland i USA i 1828. Sporvogn var tidlegare eit populært transportmiddel i byar, men talet på sporvognliner i verda gjekk attende etter andre verdskrigen. Dei siste åra er talet på byar med sporvogn stigande.

Sporvogn i Noreg blir ofte kalla trikk. Dette namnet kjem frå den fyrste tida med elektrisk drift i Oslo. Sporvogna blei då kalla «Elektrikken» og namnet blei seinare forkorta. I dag er det Oslo Sporveier som driv sporvogna i Oslo. Den einaste kommersielle sporvognslina utanfor Oslo er Gråkallbanen i Trondheim. Les meir…

Førre tre veker: Jernvinne i NoregHoggormCharlie Parker