Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 31, 2008

Eldfell

Eldfell (utt. eld-fedl, tyder eldfjell) er ein om lag 200 meter høg sinderkjeglevulkan på den islandske øya Heimaey, som vart danna då eit vulkanutbrot overraskande byrja 23. januar 1973, like utanfor byen Heimaey.

Utbrotet utløyste ei alvorleg krise og førte nesten til ei permanent evakuering av øya. Vulkansk oske fall over mesteparten av øya og øydela mange hus. Ein straum av lava trua med å fylle igjen hamna, som var hovudinntektskjelda til øya via fiskeriflåten. Ein operasjon vart iverksatt for å kjøle ned lavaen ved å pumpe sjøvatn på toppen av han, noko som var vellukka og hindra lavaen frå å stenge hamna.

Etter at utbrotet var over, brukte øyfolket varmen frå den sakte avkjølande lavaen til å produsere varmt vatn og generere elektrisitet. Dei brukte óg noko av tefraen, nedfall frå dei eksplosive utbrota, for å forlenge rullebanen på øya sin litle flyplass, og som fyllmateriale som dei bygde 200 nye hus på. Les meir…