Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 31, 2010

Teikning av etanolmolekyl.

Etanol (C2H5OH) er ein alkohol som – fordi han har så kort karbonkjede – har ein forholdsvis høg vassløyselegheit i høve til andre alkoholar. Etanol utgjer den rusframkallande komponenten i drikker som øl, vin og sprit. Alle alkoholar har ein viss giftverknad, men etanol er den minst giftige av dei einverdige alkoholane, og kan i fortynna form og i små nok dosar fortærast utan alvorlige mein. Etanol bør ikkje forvekslast med metanol (tresprit) som i små dosar kan føra til blinde med meir, og i større dosar til døden. Etanol blir òg brukt som drivstoff i motorar. Framstilling skjer oftast ved gjæring av sukkerhaldige væsker. Les meir...