Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 32, 2005

Måleriet «Soleienatt» av Nikolai Astrup med motiv frå Jølster.

Jølster er ein kommune i Sogn og Fjordane og ligg i Indre Sunnfjord. Det er to tettstader i Jølster; Vassenden og Skei.

Nikolai Astrup budde i Jølster og henta dei fleste av motiva sine her. Astruptunet er det best kjende museumet i kommunen.

Mykje av låglandet og dei fleste grendene i kommunen kretsar i stor grad rundt det store Jølstravatnet, som ligg omlag 200 moh. Det høgste fjellet i kommunen heiter Snønipa og er 1 827 meter høgt. Namnet Jølster stammar frå det norrøne uttrykket «jǫlmstr» som tyder bråk eller larm. Les meir...

Førre tre veker: planeten MarsKronosAtombombene over Hiroshima og Nagasaki