Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 35, 2007

Om gnr 21 Sinjarheim i Aurland heiter det m.a. «Sønjareim. Udt. si`njareim. - - Ligger nær en Tverelv til Hovedvasdraget og antages - - at kunne indeholde Gen. af et Elvenavn Sin. - - Nogen Forklaring af et Elvenavn Sin er ikke forsøgt. Det kunde mulig høre til Verbet sina (med langt i), blive gold eller tør, om Kjør, som ikke længer give Melk; i svenske Dialekter kan Ordet betyde "blive tør" om Brønd, Kilde. I det dermed beslægtede sina f., vissent Græs, er Rodvokalen kort, som her i Gaardnavnet.» Foto: Frode Inge Helland

Norske Gaardnavne er eit bokverk som vart utgjeve i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Bokverket inneheld normert skrivemåte, opplysningar om uttale, historiske skrivemåtar og tolkingsframlegg til namna på matrikkelgardane i Noreg. Det er vorte eit standardverk om stadnamn i Noreg, og eit føredøme for liknande publikasjonar i Sverige og Danmark.

I arbeidet med verket vart det samla informasjon om skrivemåtar av stadnamn frå tida før det språklege skiftet frå gamalnorsk til dansk skriftmål mot slutten av mellomalderen. I verket er det drøfta kva for grammatisk form namna har - mellom anna kjønn, tal, kasus og om namnet står i bunden eller ubunden form. Det er òg gjort greie for lydlege endringar gjennom tidene, om slike er dokumenterte. Les meir…