Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 36, 2011
Piemonte er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 km², og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Viktige byar er Torino, Novara, Alessandria, Asti og Cuneo. Elva Po renn gjennom regionen.
Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia og viktige italienske verksemder har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikanten Ferrero (i Alba) og elektronikkselskapet Olivetti (i Ivrea). Piemonte er òg kjend som eit godt område for trøffelsanking og for vinar som Barolo og Barbaresco. Les meir …