Barolo er namnet på ein italiensk raudvin. Appelasjonen Barolo DOCG er ein del av vindistriktet Langhe i regionen Piemonte i Italia. Vinen har fått tilnamnet «Il Vino dei re, il Re dei vini» (Vinen til kongar - Kongen av vinar).[1]

Eit glas Barolo med den karakteristiske teglfarga randa

Barolo er laga av vindrua nebbiolo, og av dei ulike variantane av drua (Michet, Lampia og Rosé). Drua må ha eit minimum alkoholinnhald på 12,5 volumprosent, og den ferdige vinen må halde minimum 13 prosent. Vinen er lagra til tidlegast 1. januar to år etter innhausting og skal ligge minst 12 månader på trefat. Etter lagring i 48 månader, og kor 24 er på trefat, kan vinen få nemninga «Riserva». Det er for Barolo DOCG berre tillate eit utbytte på 56 hektoliter per hektar (52 hl/ha etter lagring).

Totalt 11 kommunar har rett til å produsere Barolo. Dei viktigaste er Barolo, La Morra, Castiglione Falletto, Monforte og Serralunga d’Alba.

Namnet til drua nebbiolo kjem av det italienske ordet «nebbia», som tyder tåke. Drua er mykje dyrka i Nord-Italia, men finst også i Argentina, Australia, Mexico, USA og Austerrike. I Italia er nebbiolo hovuddrue i Piemonte, Lombardia, Valle d'Aosta og Valtellina. Det er identifisert ca 40 ulike klonar av nebbiolo, men dei tre som er mest dyrka er Lampia, Michet og Rosé. Nebbiolo-drua trivst best i sør- og vest hellingane i 150–300 meter høgde over havet.

Tilverkingsprosessen endre

Fram til 1850 vart det laga mest søte raudvinar av nebbiolodrua. Desse gjekk under namnet Barol. Ein revolusjon starta då Marchesa Guilia Vittorina Falletti di Barolo henta inn ønologen Louis Oudart frå Reims i Champagne. Oudart plukka druene seinare, auka uttrekkningsfasen (maserasjon), og lét gjæringa gå helt ut. Dette resulterte i tørre, kraftigare vinar som trong lang lagring i store kastanjetrefat for å kome til sin rett.

Resultatet blei ikkje alltid som forventa, men tradisjonane er sterke i Barolo, og vinane blei i stor grad produsert på denne måten heilt fram til 1980-åra.

Moderne vinifikasjonsmetodar introduserte fruktigheit til Baroloen. Modernistane plukkar druene tidlegare, og med moderne utstyr fastslår produsentane nøyaktig når drua er på sitt beste. Gjæringa skjer i ståltankar med ein kontrollerbar temperatur, og maserasjonen skjer i løpet av nokre få dagar, framfor veker og månader.

Lagring endre

Sjølv om modernistane lagar vinar for eit tidlegare konsum enn tradisjonalistane, er Barolo ein kompleks vin med harde tanninar, noko som gjer vinen ekstremt lagringsdyktig. Særleg viner frå tradisjonalistane bør lagrast lenge før de kan nytast. Ein stor vin frå toppåret 1997 vil normalt vere konsumferdig etter 5 år, men bør då luftast eit par timar før den vert drukke. Vinen vil ikkje nå sin store høgde før etter 10 år og er på topp etter 15 til 20 år. Dei neste 10 åra er vinen definitivt på nedtur, og berre ekstremt gode viner kan drikkast etter å ha passert 30 år. Det finst døme på Baroloar som kan lagrast mykje lengre enn dette.

Produksjon endre

Kring 2005 vart det dyrka nebbioladrue på om lag 1 714 hektar med land. Det vart produsert om lag 10 millionar flasker med Barolo, som var ein auke på om lag 50 % sidan år 1990.

Vinlusåtaket i 1870-åra endre

Vinlusa Phylloxera herja Europa i 1860- og 1870-åra. På slutten av 1800-åra vart Piemonte ramma. Barberadrua er ei vindrue som er meir stabil og gjev høgare avkastning enn Nebbiolo og mange bønder valde å plante denne istaden.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Bøker
Magasin
  • Vinbladet (kundemagasin for vinmonopolet): fleire artiklar
  • Vinforum: fleire artiklar
Nettlenkjer