Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 37, 2011
Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 vart avvikla måndag 12. september 2011. I tillegg heldt 195 kommunar vallokala opne sundagen 11. september i heile eller delar av kommunen. Førehandsrøysting kunne gjerast frå onsdag 10. august og fram til og med fredag før valet. I utlandet og på Svalbard og Jan Mayen var det mogleg å røyste frå 1. juli.
Det skulle veljast totalt 10 781 kommunestyrerepresentantar til 429 kommunestyre og 728 representantar til 18 fylkesting. I tillegg skal det haldast val til bydelsutval i fleire kommunar. Samstundes som kommune- og fylkestingsvalet blei arrangert, avvikla Den norske kyrkja kyrkjeval for organa sine.
Terroråtaka 22. juli, der mellom anna femten av kandidatane til Arbeiderpartiet vart drepne, prega valkampen i stor grad. Partia vart samde om å utsetje valkampopninga til 13. august og å avlyse skulevaldebattane. Les meir …