Opna hovudmenyen
Ved å utelata den siste delen i kvart av teikna til keisar Kangxi sitt namn 玄 (xuán) og 燁 (yè) kunne ein omgå det statlege namnetabuet i Kina.

Namnetabu er ei form for språktabu der ein unngår å bruka visse namn. Både særnamn og samnamn kan omfattast av tabu. Det finst mange ulike former for namnetabu i ulike samfunn, frå forbod mot å omtala byttedyr til forbod mot å skriva namnet til ein keisar, og fleire ulike grunnar til å la vera å bruka namna, til dømes at ein må visa respekt eller trur det vil bringa ulukke å bruka namnet.

Namnetabu kan strekka seg vidare til sjølve språket ved at ein heller ikkje bruker ord som bygger på forbodne namn. Sanksjonar mot å bryta slike tabu kan gå frå irritasjon frå andre i samfunnet til dødsstraff. Ein kan bruka ulike måtar til å omgå namna på, til dømes ved å skildra personen eller ved å bruka ein tittel, eit kallenamn eller ei omskriving.

Det statlege namnetabuet i Kina (国讳; 國諱) var eit forbod mot å bruka personnamnet til keisaren og forfedrane hans. Til dømes vart namnet på ein månad endra frå «zheng yue» (正月, 'den opprette månaden') til «duan yue» (端月, 'den korrekte/opprette månaden') i tida Zheng (政) var keisar. Brot mot dette namnetabuet medførte dødsstraff. Les meir …