Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 43, 2010
Norsk geografi er prega av at Noreg er eit av dei nordlegaste landa i verda og eit av dei mest fjellkledde landa i Europa der store områder er dominert av Dei skandinaviske fjella. Den gjennomsnittlege høgda er 460 meter og 32 % av fastlandet ligg over tregrensa.
Heile landet var dekka av ei tjukk iskappe under den siste istida og i fleire tidlegare istider. Isrørsla grov ut djupe dalar og då isen smelta fylte sjøen desse dalane og danna dei kjende norske fjordane. Isbreane har grave ut Sognefjorden, som er den nest lengste fjorden i verda og Hornindalsvatnet som er den djupaste innsjøen i Europa. Landområda hevar seg framleis etter den enorme vekta av isen (isostatisk heving) og stig med fleire millimeter i året. I istida nådde sjøen opp til det som i dag er ei høgd på 221 meter i Oslo, 25 meter i Stavanger og 5 meter nær Stad. Den gamle havbotnen er i dag dei beste jordbruksområda i landet. Les meir …