Dei skandinaviske fjella

Dei skandinaviske fjella (på svensk Skanderna, Fjällen eller Kölen) er fjellkjeda som går langs Den skandinaviske halvøya. I nord går fjellrekkja under namnet Kjølen, og frå Finnmark til Femunden er Kjølen grensefjella mellom Noreg og Sverige; vidare sørover inngår Dovrefjell og Langfjella i dei skandinaviske fjella. Vestsida av fjella går bratt ned mot Nordsjøen og Norskehavet, og dannar fjordane i Noreg, medan dei i nordaust heller sakte mot Finland. I nord dannar dei grensa mellom Noreg, Sverige og Finland, men er stort sett ikkje meir enn åsar i nærleiken av Nordkapp.

Dei skandinaviske fjella
Jotunheimen med dei høgaste fjella i Skandinavia
Trollheimen vinteren 2005
Kystfjella i Nord-Noreg: Efjord sør for Narvik

Fjella er ikkje veldig høge og Galdhøpiggen i Sør-Noreg er det høgaste med 2 469 m. Sidan dei ligg så pass langt nord og får ein jamn tilføring av fukt frå vest finst det likevel mange ismarker og isbrear her. Mange fjella er òg svært bratte, og dette gjev dei ein praktfull og dramatisk utsjånad. Kebnekaise er den høgaste toppen på svensk side med 2 103 m, medan Halti er det høgaste i Finland med 1 328 m.

Det skandinaviske fjellsystemet er geologisk knytt til fjella i Skottland, Irland, og på andre sida av Atlanterhavet med Appalachane i Nord-Amerika. Geologar meiner at alle desse fjella danna ei enkel fjellkjede på superkontinentet Pangaea. Dei noverande fjella er restane etter den Den kaledonske orogenesen, som mange geologar meiner er den største fjellkjeda gjennom historia.

Nordryggen endre

I 2013 arrangerte Den norske Turistforening og Norges geologiske forening ein namnekonkurranse der eit forslag om å kalle fjellkjeden Nordryggen fekk flest røyster, i konkurranse med namn som Trollfjella, Skandesfjella, Vikingfjella og Eventyrfjella. Henrik Svensen, som tok initiativ til namnekonkurransen, oppfordrar folk til å ta dette namnet i bruk, slik at det blir etablert og etter kvart eit offisielt namn.[1]

Dei høgaste fjella i Noreg endre

Av dei ti høgaste fjella i Skandinavia ligg sju i Oppland i Noreg. Dei siste tre ligg i Sogn og Fjordane. Det er 83 fjelltoppar som er like høg eller høgare enn 2 200 meter i Noreg.

  1. 2 469 m Galdhøpiggen (Oppland)
  2. 2 464 m Glittertind (Oppland)
  3. 2 405 m Storen (Sogn og Fjordane)
  4. 2 387 m Store Styggedalstinden aust (Sogn og Fjordane)
  5. 2 383 m Store Styggedalstinden vest (Sogn og Fjordane)
  6. 2 373 m Store Skardstind (Oppland)
  7. 2 369 m Vesle Galdhøpiggen (Oppland)
  8. 2 368 m Surtningssue (Oppland)
  9. 2 364 m Store Memurutinden vest (Oppland)
  10. 2 363 m Store Memurutinden aust (Oppland)

Dei høgaste fjella i Sverige endre

Det er tolv fjelltoppar i Sverige over 2 000 meter. Åtte av dei ligg i Sarek nasjonalpark, og dei andre fire ligg lenger nord i området rundt Kebnekaise.

  1. 2 103 m Kebnekaise (Lappland)
  2. 2 089 m Sarektjåkkå Stortoppen (Lappland)
  3. 2 076 m Kaskasatjåkka (Lappland)
  4. 2 056 m Sarektjåkka Nordtoppen (Lappland)
  5. 2 043 m Kaskasapakte (Lappland)
  6. 2 023 m Sarektjåkka Sydtoppen (Lappland)
  7. 2 016 m Akka Stortoppen (Lappland)
  8. 2 010 m Akka Nordvästtoppen (Lappland)
  9. 2 010 m Sarektjåkka Buchttoppen (Lappland)
  10. 2 005 m Pårtetjåkkå (Lappland)
  11. 2 002 m Palkattjåkkå (Lappland)

Dei høgaste fjella i Finland endre

  1. 1 328 m Halti (Lappi/Finnmark)
  2. 1 317 m Ridnitsohkka (Lappi)
  3. 1 280 m Kiedditsohkka (Lappi)
  4. 1 240 m Kovddoskaisi (Lappi)
  5. 1 239 m Ruvdnaoaivi (Lappi)
  6. 1 180 m Loassonibba (Lappi)
  7. 1 150 m Urtasvaara (Lappi)
  8. 1 144 m Kahperusvaarat (Lappi)
  9. 1 130 m Aldorassa (Lappi)
  10. 1 100 m Kieddoaivi (Lappi)

Kjelder endre

  1. UT.no: «Fjellkjeden skal hete Nordryggen», arkivert frå originalen 17. september 2013, henta 14. september 2013