Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 44, 2004
Venceslaus Ulricus Hammershaimb (25. mars 1819-8. april 1909), òg kjend som V. U. Hammershaimb eller Venzel Hammershaimb, var ein færøysk prest og filolog. Hammershaimb vert rekna som grunnleggjar av det noverande færøyske skriftspråket. Slik kan han liknast med Ivar Aasen.
Hammershaimb er av tysk ætt på farssida, men vaks opp på Færøyane og kjende seg som færøying. Han vart utdanna som teolog i København der han vart kjend med den danske presten og filosofen Grundtvig, men busette seg på Færøyane 1855, der han var prest på Streymoy. Heile tida interesserte han seg for, og studerte, dei ulike dialektane av morsmålet sitt, færøysk. Han vart prost på Færøyane i 1867, og var på Lagtinget i tre periodar. Han budde med kona i Danmark frå 1878 til han døydde i København i 1909. Les meir her.