Færøysk

nordisk språk som blir tala i Færøyane
(Omdirigert frå Færøysk språk)

Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnordiske målgreina, som rommar måla islendsk, færøysk, nynorsk, norske dialektar og det no utdøydde målet norn. Den norrøne målgreina høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måla.

Færøysk
Føroyskt
Klassifisering Indoeuropeisk
 Germansk
  Nordisk
   Vestnordisk
    Færøysk
Bruk
Tala i  Færøyane
Område Færøyane
Færøysktalande i alt 80 000
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i  Færøyane
Normert av Føroyska málnevndin
Språkkodar
ISO 639-1 fo
ISO 639-2 fao
ISO 639-3 fao

Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekke på Færøyane der det har vore offisielt språk sidan 1937.

Som islandsk, har færøysk utvikla seg or dei gamalnorske målføra nybyggjarane i vikingtida hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar kan til ein viss grad forstå kvarandre, men ikkje utan problem.

Mållæra (grammatikken) endre

Ljodlæra endre

Sjå Færøysk fonologi

Færøysk har 10 korte vokalar, alle desse har lange motpartar, nokre av dei er diftongerte. I tillegg har færøysk også 3 diftongar. Færøysk har 21 konsonantar, fordelt på fire artikulasjonsstader og fire artikulasjonsmåtar:

Formlæra endre

Sjå Færøysk morfologi
 
Dei viktigaste færøyske dialektforskjellane

Færøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste nordiske målet, som enno har dei fire nordgermanske kasus: nominativ (hovudfall), akkusativ (underfall), dativ (sidefall) og genitiv (eigefall). I talmålet (og dermed og i skrift) er genitiv mest ute av bruk; setningane vert snudde på så eigeforma kjem fram med preposisjonar i dativ. Genitiv vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.

Døme på kasusa i færøysk endre

Substantiv og personfornamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spørjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet:

døme spurning kallkyn
(hannkjønn)
kvennkyn
(hokjønn)
hvørkikyn
(inkjekjønn)
hvørfall
(nominativ)
Hvør er hatta? knøttur telda borð
hvønnfall
(akkusativ)
Hvønn sást tú? knøtt teldu borð
hvørjumfall
(dativ)
Hvørjum hyggur tú at? knøtti teldu borði
hvørsfall
(genitiv)
Hvørs vegna? knøts teldu borðs


Rettskriving endre

Færøysk har ei konservativ rettskriving, noko som gjer færøysk lett å lesa for ein islending. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.

Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.
C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i somme låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane om med færøyske bokstavar med same uttale.

Språksoga endre

Ytre språksoge endre

Sjå Færøysk ytre språkhistorie

Færøysk har ei ytre språksoge som minnar mykje om den norske: Skriftspråket var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten som i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa for færøysk språk, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, omtrent samtidig med og på same måten som Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk for dei færøyske dialektane.

Indre språksoge endre

Færøysk står på mange vis midt mellom vestnorsk og islandsk. Av kasusa er genitiv meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden mellom nominativ, akkusativ og dativ står fast. Verba blir bøygde i tal, og i presens eintal også i person.

Fonologisk har færøysk gått gjennom mange nydanningar. Lange vokalar har vorte diftongisert, og ein del konsonantsamband har vorte forsterka.

Litteratur endre

  • V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind (andre bind er mellom anna ei færøysk-dansk ordsamling med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er framleis tilgjengeleg på Færøyane)
  • W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977 (standardverk på engelsk i fleire tiår).
  • J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind)
  • Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk).

Ordbøker endre

Språklege hjelpemiddel endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediafærøysk

Høyr færøysk på nettet endre