Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 48, 2012
Det tysk-romerske riket var eit tysk imperium som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket på 900-talet og vara fram til 1806 under Napoleonskrigane.
Områda riket dekte over varierte gjennom historia, men på det største dekte det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.
Då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund). Les meir …