Wikipedia:Vekas artikkel/Veke 5, 2005

Vatn

Vatn er eit kjemisk stoff som finst nesten overalt på jorda og er nødvendig for alt kjent liv. Det finst i flytande form i livsformene på jorda, i vatn, elvar og hav, i dampform i lufta, og i fast form som is eller snø i kalde område. Omlag 70% av overflata på jorda er dekt av vatn.

40% av verdas folk har for lite vatn til eit minimum av hygieniske føremål. I følgje UNESCO sitt internasjonale vassforskingsprogram og deira World Water Development Report (2003) vil verda i løpet av dei neste 20 åra oppleva ein mangel på drikkevatn utan sidestykke i historia. Ein reknar med at mengda av ålment tilgjengeleg, brukbart vatn vil minske med 30% i denne perioden. Årsakene er forureining, global oppvarming og politisk strid. Les meir...